– Greitt å skriva dårleg nynorsk
Bevisste vaksne, språkleg sjølvtillit og at det er lov å skriva dårleg nynorsk, kan bryte nynorsksperra, meiner prosjektleiaren i Hått Halling.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Førre veke kom rapporten frå Kunnskapsdepartementet som gjev passiv bokmålspåverknad og passive skular delar av skulda for målbyte i randssonane for nynorsk. Elevar ved 2 vidaregåande skular og ein ungdomsskule i fylka Hordaland, Rogaland og Telemark har bidrege til rapporten «Undersøkelse av nynorsk som hovedmål», som er gjort av Proba samfunnsanalyse.
LES OGSÅ: Skulen gjer lite for å hindra målbyte
Heitt språk
I Hallingdal i Buskerud har dei i likheit med mange andre område utfordringar knytt til målbyte. Under skulegongen byter elevar frå nynorsk til bokmål – i tillegg vel mange vekk hallingdialekta til fordel for ei bokmålsnær dialekt.
Buskerud Mållag har difor teke initiativ til prosjektet Hått Halling – eit treårig prosjekt som har som mål å auke bevisstheita kring nynorsk og dialekt hjå ungdom, lærarar og barnehagetilsette. Alt med sikte på å gje unge språkbrukarar eit bevisst forhold til språket sitt – og kanskje slik hindra målbyte.
Heidi Molstad Andresen er tilsett i ei 20 prosentstilling som prosjektleiar. Ho trur at noko av nykkjelen kan ligge i å gje lærarane betre språkleg sjølvtillit.
– Somme lærarar har kanskje valt bort nynorsk fordi dei tykte det var vanskeleg. Det er klart dei kan ha ei utfordring når dei skal undervise. Læraren skal ikkje berre lære frå seg, men også motivere og inspirere til læring. Då må ein også sjølv brenne for det ein lærer frå seg –og det gjer ein ikkje om ein ikkje føler seg trygg på at ein meistrar faget.
LES OGSÅ: Rapport: Elevar må retta på nynorsken til lærarar
Bør skjerma nynorskelevane
Hått Halling tilbyr difor mellom anna nynorskkurs. Fyrst ut er alle barnehage- og skuletilsette i Hemsedal kommune, som har særleg mange innflyttarar. Ambisjonen er å gjere det same i resten av dalen. Slik ynskjer dei å auke bevisstheita rundt språk i skulen.
Leiar i Noregs Mållag Marit Tennø Aakre tykkjer at det er prisverdig at Buskerud Mållag tek på seg å gjere den jobben, som lærarskulane burde gjort.
Molstad Andresen meiner at det er eit problem at mange lærarar ynskjer å framstå som språknøytrale og ikkje i stor nok grad lærer elevane kvifor me har to jamstilte språk.
Òg leiaren i Mållaget meiner lærarane kunne gjort meir.
– Eg trur ikkje skulane i stor nok grad tek inn over seg det store presset frå bokmålet. Lærarane kan i større grad utlikna dette presset ved å skjerma nynorskelevane, seier Tennø Aakre, som peikar på at å halde nynorskelevar i same klasse på ungdomsskulen og å omgje dei med nynorsk kan hindra målbyte.
I rapporten kjem det òg fram at elevane sjølve reflekterte lite over at skulen kunne ha ei rolle i valet deira av målform.
LES OGSÅ: – Innfør språkdelte klassar i ungdomsskulen
Seglar til bokmålsland
Molstad Arnesen presiserer at kva som kan hindra målbyte er eit kjempestort spørsmål. Å hindra målbyte er heller ikkje eit oppdrag ho kunne ta på seg i ei 20 prosent stilling.
Men noko freistar dei å gjere, som å få inn ein språkforskar Kristin Fridttun for å knuse ein del nynorskmyter.
– Å gje elevane motivasjon og engasjement for begge språka, er minst like viktig som sjølve språkundervisninga. Om elevane berre får segle sin eigen sjø, seglar dei fort til bokmålsland. Me håpar at foredraget både kan gje dei argument og mot til å tore og ta stilling, seier Molstad Andresen.
LES OGSÅ: Digital storsatsing i Samlaget
Vil ha språkevisste foreldre
Men Hått Halling-leiaren trur at òg at heimemiljøet er blant faktorane som har mykje å seie for ungane sitt språkval.
Ho meiner foreldre er språklege rollemodellar, som bør snakke med borna om kvifor me skriv og pratar som me gjer, og kva for alternativ som finst.
I eit planlagt nynorsk- og dialektbilag, som skal følgje avisa Hallingdølen, kjem dei med eitt konkret råd til foreldre.
– Me har ivrige dialektbrukarar i dalen, og mange omset nok automatisk nynorskbøker til halling når dei les. Eitt av råda er å lese nynorske bøker på nynorsk, slik at nynorsk også blir eit munnleg språk, og ikkje berre eit daudt skriftspråk, tipsar Molstad Andresen.
Ho trur òg at det er viktig at born og unge ser nynorsk i bruk elles i samfunnet, slik at dei faktisk vert overtydd om at det er viktig.
LES OGSÅ: Vil ha banktenester på nynorsk
Den skremmande nynorsken
Ho dreg fram at interessant litteratur på nynorsk er viktig både i barnehage og skule. Elevane bør lese nynorske bloggarog andre morosame ting, ikkje berre tunge klassikarar.
Prosjektleiaren trur at mange kan oppleve nynorsken som litt ekstra avskrekkande fordi det vert sett på som ei akademisk øving assosiert med høgkultur. Mange profilerte nynorskbrukarar er nettopp språksterke kulturmenneskjer. Ho meiner difor det er viktig å gjere nynorsken meir folkeleg og ufarleg.
– Ein treng ikkje vere kulturinteressert, driva med folkedans og vera aktiv i Mållaget for å skriva nynorsk. Ein treng heller ikkje vere flink i norsk for å skriva nynorsk. Det er sjølvsagt heilt greitt å skriva dårleg nynorsk. Det må me bli flinkare til å formidle. Om me skal kome nynorsksperra til livs, er det minst like viktig å ha fokus på korleis ein kan leike og ha det moro med språket, som å halde kurs i korleis ein skal bli ein betre, seier Molstad Andresen, som meiner det handlar om språkleg sjølvtillit og vil ha meir gulrot enn pisk.
LES OGSÅ: NAV bryt mållova – igjen
Kinkig situasjon
Det er ikkje tvil om at prosjektleiaren tykkjer jobben dei gjer er viktig.
Men burde det offentlege teke meir ansvar?
Molstad Andresen slår fast at sjølv om det er politisk vedteke at språka skal vere jamstilte, så har praksisen lenge jobba i motsett lei og ført nynorsken dit han er i dag. Ho meiner difor det vil vere rimeleg at det blir sett av meir midlar for å freiste å rette opp att skeivheita:
– Offisielt vedteke politikk kan ikkje basere seg på dugnadsarbeid og god vilje, slik som mållagsarbeidet i stor grad er. Mange lag ville kunne gjort mykje meir om dei hadde hatt midlar til å løne folk. Men enno viktigare er det sjølvsagt at det kjem konkrete handlingsplanar for utdanningsløpa som skolerer pedagogar for arbeid med born og unge. Om ein ikkje startar med starten, vil ingen tiltak me kjem opp med fullt ut kunne kompensere for det. Målet med alt mållagsarbeid bør jo vere å gjere mållagsarbeid overflødig, avsluttar ho.
Faktaboks
Hått Halling
• 3-årig målprosjekt skipa av Buskerud Mållag
• Starta i Språkåret 2013
• Inspirert av prosjektet Målstreken i Valdres
• Tek sikte på å auke kjennskapen til nynorsk og dialekt hjå barn og unge i Hallingdal
• Hovudmålgruppa er barn, unge, barnehagetilsette og lærarar
• Starta med å arrangere stevtevling i fjor haust
• I september skal forfattar Erna Osland på ein barnehageturnè
• I tillegg kjem nynorskkurs for barnehagetilsette og lærarar, samt eit foredrag med språkforskar Kristin Fridttun osv.
• Har fått med fleire lokale artistar og kulturarbeidarar for å lyfte fram hallingdialekta og tradisjonane
• Arrangerer òg seminar for næringslivet
Kjelde: Hått Halling