Forslag til nye reglar for opptak til høgare utdanning:

Elevorganisasjonen saknar alternativt opptak

Regjeringa vil fjerne nesten alle tilleggspoenga ein kan få ved opptak til høgare utdanning, og foreslår ingen alternative løysingar for opptak.

Kristin Molvær
Publisert

– Vi hadde forventa større endringar, no når stortingsmeldinga skulle komme.

Det seier den påtroppande leiaren for Elevorganisasjonen Madelen Kloster på telefon til Framtida.no.

Dei nye forslaga til endringar i opptaksreglane for høgare utdanning er no lagt fram.

Blant dei største endringane er avvikling av tilleggspoeng for språkfag, alder, folkehøgskule og høgare utdanning.

Bekymra for forskjellar

Elevorganisasjonen reagerer på at regjeringa ikkje har foreslått ein alternativ veg inn i høgare utdanning for dei som ikkje meistra alle faga på vidaregåande.

– Vi er redde for at konsekvensane blir at elevar vil halde fram å vere låst til karakterane sine. Vidare er vi bekymra for at elevar med høgare sosioøkonomisk bakgrunn vil ha større moglegheit til å kunne gå på ønskt utdanning, då det framleis vil vere mogleg å ta opp fag, og ein ikkje legg til rette for ein alternativ veg, seier Kloster.

– Det har jo vore ein del lekkasjar, men er det noko som var overraskande?

– Det overraskar at det verkar som ein ikkje får ein alternativ veg inn til høgare utdanning, som for eksempel opptaksprøvar.

Dette er forslaga til regjeringa

  • Avvikle tilleggspoenga for språkfag i vidaregåande skule (i dag kan ein få totalt 4 til saman)
  • Avvikle tilleggspoenga for alder (du kan i dag få maks 8 poeng, 2 poeng kvart år frå året du fyller 20 år).
  • Avvikle tilleggspoenga for folkehøgskule, fullført studium ved universitet og høgskule eller fagskule (I dag: maks 2 poeng totalt for desse + militærteneste/sivilteneste)
  • Avvikle kjønnspoenga (i dag maks to poeng). Skal bytast ut med kjønnskvotar.
  • Behalde poeng for realfag i vidaregåande skule (men gå frå maks 4 til maks 2)
  • Behalde poeng for militær førstegongsteneste/sivilteneste (men gå frå 2 til 1 poeng)
  • Behalde førstegongsvitnemålskvoten, men gjere den større
  • Opptaksprøve vert ikkje innført
  • Det skal framleis vere mogleg å forbetre karakterar frå vidaregåande skule og ta opp nye fag
  • Avvikle særskilde karakterkrav for sjukepleiarutdanningane (karakter 3 i norsk og matematikk)
  • Behalde særskilde karakterkrav på lærarutdanningane (anten 35 skulepoeng og minimum karakteren 4 i fellesfaget matematikk og 3 i norsk eller 40 skulepoeng og minimum 3 i fellesfaget matematikk og 3 i norsk.)

Kjelde: Khrono

 

Også Norsk Studentorganisasjon (NSO) saknar eit alternativ.

Norsk Studentorganisasjon: – Slusene må opnast

Organisasjonen meiner det er betre løysningar enn at elevar må bruke fleire tusen kroner på å ta opp fag, eller må vente fleire år før dei kvalifiserer seg til høgare utdanning.

Ein alternativ veg inn burde vektlegge arbeidserfaring, motivasjon og personlege eigenskapar.

– 700 000 menneske står i dag utanfor arbeidslivet, medan samfunnet skrik etter kompetanse. Slusene må opnast og vi må finne nye måtar å rekruttere til høgare utdanning. NSO hadde håpa regjeringa ville foreslå ein alternativ veg inn i høgare utdanning der motivasjon og erfaring skal bety minst like mykje som ein femmar i gym – seier studentleiar Oline Sæther i ei pressemelding.

Regjeringa foreslår å fjerne nokon av tilleggspoenga, men ikkje alle.

– Det er bra at regjeringa reinskar opp i villniset av tilleggspoeng. Men NSO meiner dei burde teke problemet ved rota og fjerna alle når dei først var i gang. Ved å behalde nokon, lar regjeringa døra stå på gløtt for at andre poeng kan kjempast inn i åra som kjem. Det er ikkje ønskeleg, seier Sæther.

Poeng for folkehøgskule blir fjerna

Folkehøgskulane er på si side kritiske til at nesten tilleggspoeng blir fjerna.

Om lag 10 prosent av alle 19-åringar vel kvart år å gå eit år på folkehøgskule, opplyser dei i ei pressemelding. Til no har dette gitt to tilleggspoeng for opptak til høgare utdanning.

No har regjeringa foreslått endringar. Alle tilleggspoeng fjernast – utanom eitt tilleggspoeng for førstegongstenesta.

– Regjeringa gløymer at studentar også skal gjennomføre studia sine, seier dagleg leiar i Folkehøgskolerådet i pressemeldinga.

Frå 14 til 3 tilleggspoeng

I dag kan søkarar få opptil 14 tilleggspoeng til saman, i tillegg til kjønnspoeng på nokre studium.

Det bidreg til kunstig høge poenggrenser for å kome inn på fleire populære studium, poengterer regjeringa. På enkelte studium ligg poenggrensene opp mot 70 poeng i den ordinære kvoten. Med regjeringa sitt forslag, blir det maksimalt mogleg å få 3 tilleggspoeng.

Oddmund Hoel (Sp) er statsråd for forsking og høgare utdanning. Foto: regjeringa

– Å fjerne dei fleste av tilleggspoenga er viktig for å få folk raskare i gang med utdanninga. Det er særs lite samfunnsøkonomisk fornuftig å ha insentiv for å forseinke studiestart, uttalar forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) i regjeringa si pressemelding.

Han seier vidare at regjeringa ikkje vil innføre ein nasjonal opptaksprøve til høgare utdanning, då dei vidarefører moglegheita for å forbetre karakterar.

– Det å innføre ein nasjonal opptaksprøve vil krevje svært store ressursar, og vi tvilar på at det vil bli meir rettferdig enn det karakterbaserte systemet vi har i dag. Samstundes ønsker vi å opne for utvida bruk av lokale opptaksprøver på studium med stor konkurranse.