Store skilnader i språkbruk

Språkskilnadane i Noreg er store, til og med internt i Oslo.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Språkrådet har laga ein rapport, og dei døypte den «Urbane offentlege landskap i bygd og by».

Der samanlikna dei to bydelar i Oslo med Voss, for å kartlegga språkbruken. Er det engelsk, bokmål, nynorsk eller kanskje dialekt som er dominerande?

Aust mot vest
Den mest oppsiktsvekkande skilnaden fann dei i Oslo – med slåande skilnader i språkbruken berre ein beveger seg frå Grünerløkka i aust til Majorstua i vest.

– Det var dominerande bruk av engelsk på Majorstua, men det var ikkje tilfelle på Grünerløkka, forklarar Karine Stjernholm i Språkrådet, som står bak undersøkinga.

LES OGSÅ: – Aasen skreiv seg til makt

Hensikta var å dokumentera språkbruken på to ulike, men samanliknbare stader. Difor tok dei Grünerløkka og Majorstua, begge handelssentrum i Oslo, og samanlikna dei med sentrum i Voss.

Ingen nynorsk i Oslo
Det kom kanskje ikkje som eit sjokk på nokon at nynorskandelen var låg, nær ikkje-eksisterande, i Oslo. Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet, meiner likevel me kanskje burde blitt overraska.

– Ein kan sei det ikkje er veldig overraskande, men Oslo er faktisk ein by med mange nynorskbrukarar. Likevel er nynorsken heilt usynleg, seier Vonen.

Les rapporten her.

Det er kanskje endå meir overraskande at norskandelen i det heile var så høg som den var, då ein fort kan tenkja at engelsken dominerte saman med dei store kjedene.

LES OGSÅ: Margarin og alt det fæle i verda

På Majorstua var 30 prosent av reklameskilta på engelsk, og litt mindre sto på norsk. Resten var ei blanding av eigenamn, fantasinamn og ulike andre språk. På Grünerløkka var knappe 16,5 prosent av skilta engelsk, medan heile 45 prosent var skrivne på norsk. Det er ein god ting, meiner Stjernholm.

– Det me veit er at språk som er synleg i omgjevnadene har høgare status enn dei usynlege. Mange tenkjer at engelsk er eit kvalitetsstempel, men me ser og at norsk fungerer godt for veldig mange. Det er viktig for oss å visa fram, seier Stjernholm.

Retta mot turistar
Norsken står mykje sterkare på Voss. Slår ein saman dei «vanlege» norske namna saman med norske stadnamn og eigenamn, er norskandelen så høg som åtti prosent på Voss.

I rapporten står det òg at sentrum av Vossevangen er meir retta mot turistar enn Grünerløkka og Majorstua, og at mange av dei engelske namna difor kan forklarast med dette.

Gjer som naboen
Rapporten har ikkje gått i djupna på kvifor det er slik. Difor vil ikkje Stjernholm konkludera med at dei til dømes er meir språkbevisste på austkanten i Oslo.

– Mange butikkar gjer som naboen gjer – er eit språk mykje brukt i eit område følgjer dei andre etter. Det er viktig for oss å visa at det ikkje berre er engelsk som gjeld. Slår du deg ned på Majorstua treng du ikkje gi butikken din eit engelsk namn, forklarar Stjernholm.

LES OGSÅ: Nynorskprisvinnar: – Gjer språket enkelt

Vonen meiner språkbruken seier noko om kva målgruppe butikkane rettar seg mot.

– Det ser ut til at både engelsk og norsk fungerer som reklamespråk, men knytt til ulike tankar om kven som er målgruppa. Om du brukar engelsk signaliserer du at her sel du ting som er relevant for heile verda. Brukar du norsk, signaliserer du at dette er relevant for Noreg, forklarar Vonen.

Men, legg han til, at det er så mykje norsk som blir brukt, må visa at norsk har ein salsfremjande effekt.

LES OGSÅ: Deler boktips på #lesesumar