Slik vil EU gi mobilen din lengre liv

EU er i ferd med å tvinge produsentar av elektronikk til å gjere det mykje lettare å få reparert produkta.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

EU har i fleire år jobba for å sikre forbrukarane retten til å reparere elektronikk, i møte med produsentar og forhandlarar som helst vil at du skal kjøpe nytt.

No har Unionsrådet og Europaparlamentet blitt samde om eit direktiv som skal regulere retten til å reparere. Berre formalitetane står att før reglane vert vedtekne i EU.

Reservedelar og fornya garanti

EU vil innføre ei rekke reglar for å gjere reparasjon av elektronikk lettare og meir attraktivt for forbrukarane. Det gjeld mellom anna:

• Forbrukarar skal ha rett til å be produsentar om å reparere produkt som er teknisk reparerbare, til dømes vaskemaskiner, støvsugarar og mobiltelefonar, sjølv om garantitida er gått ut.

• Forbrukaren skal kunne velje mellom reparasjon og erstatningsprodukt ved reklamasjon på eit øydelagt produkt.

• Produsentar må tilby informasjon om reservedelar på nettsida si, og gjere dei tilgjengelege og rimelege for alle partar i repareringssektoren. Det vert forbode å hindre uavhengige reparatørar i å bruke brukte delar eller 3D-printa delar.

• Garantien på eit produkt skal forlengast med 12 månader etter at det har vorte reparert.

• EU har laga eit standardisert skjema som reparatørar kan bruke ved førespurnader om reparasjonar. Skjemaet skal vere gratis og innehalde informasjon som pris på reparasjon, tidsbruk, erstatningsprodukt, reparasjonstilhøve, og så bortetter. Skjemaet skal vere bindande i 30 dagar.

• Ei felles europeisk nettplattform skal gjere det lettare for forbrukarar å finne ulike reparasjonstenester på tvers av landegrenser.

Direktivet gjeld for smarttelefonar og nettbrett, vaskemaskiner, tørketromlar, oppvaskmaskiner, kjøleskap, skjermar, sveiseutstyr, serverar og støvsugarar.

– Eit klart val

EU meiner det nye direktivet skapar insentiv for forbrukarar til å forlenge livet til produkt ved å få dei reparerte, noko som i neste omgang vil styrke reparasjonssektoren, redusere avfall og promotere meir berekraftige businessmodellar.

– Europa tek eit klart val for reparasjon i staden for kasting. Ved å legge til rette for reparasjon av øydelagde varer, gir vi ikkje berre nytt liv til produkta våre, men vi skapar også kvalitetsjobbar, reduserer avfallet vårt, avgrensar avhengigheita vår av utanlandsk råmateriale og beskyttar miljøet vårt, seier Alexia Bertrand, statssekretær for forbrukarvern i Belgia, i ei pressemelding.

Right to Repair Europe-koalisjonen, ei samling av 100 organisasjonar frå 21 land i Europa, meiner EU no tek viktige grep for europeiske forbrukarar. I ei pressemelding ber koalisjonen likevel om at EU strekker seg endå lenger. Dei viser mellom anna til at direktivet gjeld eit avgrensa utval med produkt, og meiner reparasjon i større grad bør prioriterast framfor erstatningsprodukt i lovverket rundt garanti.

Alexia Bertrand. | Foto: OnurSar95, CC BY-SA 4.0 , via Wikimedia Commons