Peru har mista over halvparten av vassressursane sine

Varmare temperaturar fører til at isbreane i landet smeltar.

Synne Ulltang
Publisert

Denne saka vart fyrst publisert av systeravisa vår, Framtida Junior.

Peru har mista 56 prosent av isbreane sine dei siste seks tiåra på grunn av klimaendringar, seier myndigheitene i landet ifølge CNN. – Det betyr at vi har mista meir enn halvparten av vassressursane våre, sa miljøministeren Albina Ruiz ifølge avisa.

Nesten 20 millionar peruanarar får vatn direkte eller indirekte frå isbreane. Dei fleste isbreane ligg 6000 meter over havet. Når isbreane smeltar, samlar vatnet seg i lagunar. Dei nye lagunane kan bli brukte til vassressursar, men fordi dei ligg så høgt oppe i fjellet, er det også fare for at dei kan fløyme over og føre til flaum.

– Sjølv om vi ikkje kan forhindre at isbreane forsvinn i løpet av åra, kan vi redusere farten dei smeltar, sa miljøministeren ifølge CNN.