Ber dei borgarlege revurdere

Snuoperasjonar på borgarleg side kan føre til at Stortinget på tysdag røystar nei til å få Grunnlova på norsk. 

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det trengst 113 røyster i Stortinget for å vedta at vi etter 200 år med danskspråkleg Grunnlov, endeleg skal få henne på våre eigne skriftspråk, nynorsk og bokmål. I 2012 røysta både Høgre og Frp for dette, og då utgjorde fleirtalet 151 røyster. Det vil vere frykteleg synd om dette skal ryke no i innspurten, seier Mork.

Det handlar om respekt
Mork meiner det er mange omsyn som tilseier at dei borgarlege partia bør revurdere saka.

– Nettopp av respekt for Grunnlova og dei ideane ho legg til grunn for samfunnet vårt, bør ho vere noko meir enn ein museumsgjenstand, og ho bør vere lett tilgjengeleg for borgarane. Hundre år gamal dansk er ikkje særleg lett å lese for andre enn spesielt interesserte, forklarer Mork.

– Det handlar også litt om respekt for skattebetalarane. Når Stortinget med enormt fleirtal vedtok i 2012 å bruke tid og ressursar på å få framståande språk- og jussekspertar til å utarbeide Grunnlova på nynorsk og bokmål, verkar det rart å setje ein raud strek over det i siste liten.

LES OGSÅ: Trur på fleirtal i Venstre for nynorsk Grunnlov

Ber KrF lese landsmøtevedtaket på nytt
Kristeleg Folkeparti vil binde røystene sine til å røyste mot nynorskversjon av Grunnlova. Argumentet er ei formulering i partiprogrammet om «å unngå unødvendige mistolkingar».

– Mange har stilt dette spørsmålet, men svaret frå jussekspertane er nokså eintydig på at dette ikkje vil vera noko problem. Dei får det til i land som det er rimeleg å samanlikne oss med, til dømes Finland, Sveits og Canada, seier Mork, som meiner det bør opne for ei revurdering i KrF.

– Når intensjonen i partiprogrammet er å unngå mistolkingar, og det viser seg å ikkje vere noko problem, må det vere mogleg å la KrF-representantane kan røyste etter eige samvit, meiner Mork.

LES OGSÅ: Lødemel går for nynorsk Grunnlov

Bør røyste sekundært for Graver
I innstillinga til vedtak frå kontroll- og konstitusjonskomiteen, har Framstegspartiet gått inn for å vedta Finn-Erik Vinjes riksmålsversjon (vedtak I), og Graver-utvalet sin nynorskversjon (vedtak II). Mork er glad for at Frp vil røyste for nynorskversjonen, men ber partiet røyste ja til vedtak III – Graver-utvalet sine nynorsk- og bokmålsversjonar – dersom vedtak I og II ikkje får fleirtal.

– Med slagordet «for folk flest», bør Framstegspartiet kjenne eit særleg ansvar for at også Grunnlova skal vere for folk flest. Vi håpar Frp vil vere pragmatiske og røyste for Graver-utvalet sine versjonar dersom vedtak I og II fell, avsluttar Mork.

QUIZ:Kva veit du om Grunnlova?