Lødemel går for nynorsk Grunnlov

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No har han snudd

Tysdag 6. mai skal Stortinget handsame fleire grunnlovsframlegg. Eit av desse er kva skriftspråk grunnlova skal vere på. Høgre går inn for å halde på dagens grunnlov med mindre endringar.

– Etter å ha gjort ei grundig vurdering og rådført meg med mange gode medspelarar i heimfylke har eg kome til at eg ønskjer å stemme for at vi skal ha grunnlova både på nynorsk og på bokmål. Noko anna ville stride mot det eg står for som nynorsk-mann og mot samvittigheita mi, skriv Bjørn Lødemel på Facebook-gruppa til Sogn og Fjordane Høgre.

LES OGSÅ: Trur på fleirtal i Venstre for Grunnlova på nynorsk

– Eg ønskjer å arbeide for at vi skal ha to levande norske skriftspråk også i framtida, og då er dette ei viktig prinsippsak. Eg har forståing for det som er Høgre sitt standpunkt denne saka, men er no komen til ein anna konklusjon. Eg har også hatt ein god dialog med parlamentarisk leiar siste dagane, og er glad for at eg kan stemme slik som eg ønskjer, skriv Lødemel vidare.

– Svært hyggeleg å sjå at Bjørn Lødemel no, som den fyrste frå Høgre, seier han vil røyste for ei Grunnlov på både nynorsk og bokmål på tysdag. Håper andre i Høgre kjem til same kloke konklusjon! skriv leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø.

LES OGSÅ: 17-åringen som blei Grunnlovsfar