Ber Valdirektoratet sikre ny informasjon på nynorsk
Nettsida valg.no oppfylte i fjor kravet om minst 25 prosent nynorsk. Språkrådet gjer dei likevel merksame på at berre 18 prosent av nytt innhald frå 2022 er på nynorsk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Valdirektoratet har gjort ei omlegging frå parallelle nettsider til ei nettside som skal vise fram både bokmål og nynorsk. Det har vi bede dei om å gjere og det har dei gjort, seier språkdirektør Åse Wetås på telefon til Framtida.no.
Framtida.no har spurt Språkrådet om nettstaden valg.no oppfyller krava om nynorsk i språklova. På nettsidene finn ein informasjon om årets kommune- og fylkestingsval.
Tidlegare kunne ein velje om ein ville sjå heile nettstaden på bokmål eller nynorsk, men i år er berre delar av innhaldet om lokalvalet på nynorsk. Ein kan velje mellom «norsk» og «engelsk», og mesteparten på norsk er på bokmål. I tillegg kan ein laste ned ein pdf på nynorsk under «Information in other languages» med «Viktig informasjon til deg som skal røyste».
Nye reglar
Wetås i Språkrådet forklarar at ein har gått bort frå parallelle nettsider på bokmål og nynorsk. Det er fordi språklova seier at alle statsorgan skal vise fram innhald til brukarane sine både på bokmål og nynorsk med veksling. Begge målformene skal vere minst 25 prosent synlege.
– Det sikrar at alle innbyggjarar skal kunne sjå allment tilgjengelege tekstar på begge språk.
Språklova tok til å gjelde frå 1.1.2022. Grunnen til at ein med den nye lova går bort frå parallelle nettsider, handlar om prinsippet om likeverd. For å oppnå reel likestilling, må alle bli eksponerte for begge målformer. Det oppnår ein best når ein ikkje har moglegheit for å velje eitt av skriftspråka heilt vekk, ifølgje Språkrådet.
Skjema og digitale sjølvbeteningsløysingar skal framleis vere tilgjengelege i to versjonar.
Dei nyaste tala Språkrådet har frå Valdirektoratet om nettstaden valg.no, er frå 2022.
– I tilsynsrapporten frå 2022 ser vi at 33 prosent av innhaldet på nettsidene er på nynorsk, og resten er på bokmål. Det betyr at nettsidene svarar til vekslingskrava, fortel Wetås.
● Les også: Mållagsleiar sakna nynorsk naudvarsel
Må passe på
– Så det at berre delar av informasjonen er på nynorsk, er ikkje eit brot på språklova?
– Nei, det er ikkje brot på språklova, svarar Wetås, og held fram:
– Av nytt innhald på sidene i 2022, var berre 18 prosent på nynorsk. Så i oppfølginga vår gjer vi dei merksame på at dei må passe på at nynorsk ikkje berre er synleg på lite brukte sider langt nede, men at dei heile tida sørger for å halde begge språka synlege.
I forkant av lokalvalet skreiv seniorrådgjevar Gunnhild Wiggen i Språkrådet til Framtida.no at Valdirektoratet har eit godt stykkje arbeid att før nettsidene oppfyller krava i lova. Sidene må leggjast heilt om, og nynorsken må bli synleg på framsida og i sentrale tekstar på alle nivå i nettsidestrukturen, både faste tekstar og nyheitstekstar, opplyser ho i ein e-post.
– Slikt omleggingsarbeid tek gjerne noko tid, og det har vi forståing for, skriv ho, og legg til at dei håpar å sjå god måloppnåing ved neste års tilsyn.
Opptekne av at begge skal vere representert
Framtida.no har spurt Valdirektoratet om 25 prosent av innhaldet om årets lokalval var på nynorsk.
Dei svarar at dei i god tid før årets kommunestyre- og fylkestingsval la om valg.no frå parallelle versjonar på nynorsk og bokmål, til éin versjon med innhald på begge målformene – slik Språkrådet har påpeika i tilsynet sitt.
– Vi er opptekne av at begge målformene skal vere tilstrekkeleg representert på nettsida samla sett og blant det mest aktuelle innhaldet, så også ved valet i år, skriv Tore Bø Nyland i Valdirektoratet på e-post.
– Når vi lagar nytt innhald til nettsida sørgjer vi difor for å ta i bruk begge målformer, slik at både nynorsk og bokmål er representert i det innhaldet brukarane av nettstaden er opptekne av.