Mållaget gjev FpU-banner æra for medlemsauke: – Trist

– Det er trist at dei prøver å vinne stemmer i skulevalkamp med å trampe på språket til mange elevar, seier leiar i Mållaget, Peder Lofnes Hauge.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg trur mange tykkjer det er godt å kunne vise støtte til nynorsken på denne måten, når dei kjenner at språket er truga.

Det seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.

Medlemsrekord etter førre valkamp

Dei siste vekene har Noregs Mållag og Norsk Målungdom fått over 100 nye medlemmar, noko Lofnes Hauge meiner skuldast at ungdomspartiet til FrP har reist rundt med «F**k nynorsk»-banner i skulevalkampen.

I 2021 kunne Mållaget jubla for den største medlemsveksten sidan 1985. Medlemstalet auka med over 9 prosent etter at FpU tok i bruk det omstridde banneret «F**k nynorsk» under skulevalkampen.

Også i år har Noregs Mållag nytta FpU-banneret i sin vervekampanje:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Noregs Mållag (@noregsmallag)

Lærar reiv ned plakat

I Bergen har valkampplakaten skapt sterke reaksjonar då ein lærar ved Åsane vidaregåande skule reiv ned plakaten etter ein skuledebatt.

Saka vart først omtala i Bergens Tidende.

I ettertid av opptrinnet har norsklærar Arild Noven, som òg er lokalpolitikar for Raudt i Bjørnafjorden, gått ut i avisa og forsvara handlinga.

Fylkesleiar i Vestland FpU, Patrik Johnsen, forsvara på si side bruken av banneret for å fremma valfritt sidemål.

– Eg har snakka med veldig mange elevar etter skuledebattane, og eg har ikkje opplevd ein einaste som har blitt krenkt av «fuck nynorsk»-slagordet. Dei som er ueinige, er det av saklege grunnar. Men læraren var ikkje sakleg, der var det mest kjefting, sa Johnsen til Bergens Tidende i etterkant av opptrinnet.

– Handlar om nynorskmotstand

Leiaren i Noregs Mållag meiner på si side at slik språkbruk ikkje er grei.

– F**k nynorsk-kampanjen er ikkje eit forsøk på å få ordskifte om sidemålsopplæringa, men handlar om nynorskmotstand. Det veit FpU veldig godt. Det er trist at dei prøver å vinne stemmer i skulevalkamp med å trampe på språket til mange elevar, seier Peder Lofnes Hauge i pressemeldinga.