Det heiter ikkje: selfie – no lenger

Bruk norsk, er oppmodinga frå dei tilsette på Garborgsenteret, som tek til orde for norske #emneknaggar.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når folk set saman ord på festlege måtar er det gjerne norsk, medan enkeltorda er engelske, seier Jorunn Osland, museumslektor på Garborgsenteret.

LES OGSÅ: Nynorske filmtitlar toppa Twitter

#TakkIvarAasen
Ho snakkar om hashtaggar – eller emneknaggar som det heiter på norsk – som vert nytta til å merke bilete på bilettenesta Instagram eller innlegg på mikrobloggstaden Twitter.

Merkelappane samlar bilete eller ytringar som har eit liknande innhald og gjer det lett søkbart. Døme på nynorske emneknaggar som er mykje brukt på Twitter er mellom anna #nynorsk og #TakkIvarAasen.

I tillegg har det vorte populært å lage kreative og originale emneknaggar, som gjerne er sett saman av fleire ord. Her er det berre fantasien – og talet på teikn – som set grenser.

LES OGSÅ: Ivar Aasen toppa på Twitter

Digital språkdød
I fjor gjorde den kjente ungarske lingvisten Andras Kornai ei grundig undersøking av språk på nett, som vart publisert i ein artikkel med den illevarslande tittelen «Digital språkdød». Han fann at under fem prosent av verdas nolevande språk er på nett.

Han nyttar dei to norske skriftspråka som døme, og peikar på korleis nynorsk vert skyvd til sides for bokmål på nett. Washington Post skriv at Kornai meiner grunnen til at bokmål vert føretrekt av nordmenn flest kan vere at me forbinder det med reklame, popmusikk, mote og underhaldning.

– Trass i at myndigheitene støttar opp under nynorsk med ein fint balansert språkpolitikk, har den norske befolkninga allereie bestemt seg, gjennom bloggar og twittermeldingar, for at dei berre vil ta bokmålet med seg inn i den digitale framtida, hevdar Kornai.

På Garborgsenteret vil dei sjølvsagt at det òg skal verte meir nynorsk på nett.

LES OGSÅ: Meir popmusikk på norsk

Norsk kjærleik
#love tronar øvst på lista over populære emneknaggar på Instagram. Formidlar Ørjan Johansen føreslår for nordmenn å nytta #elsk framfor #love. I tillegg likar han #Noldus, som han har fått trykt på skjorta si.

På brystet har Jorunn Osland emneknaggen #æøå. Det er ein emneknagg som ikkje seier mykje om innhaldet, men som fungerer som identitetsmarkør for norske og danske brukarar av sosiale medier.

Og det er nettopp det dei tilsette på Garborgsenteret vil: at norske brukarar skal nytte norske merkelappar, emneknaggar eller skigardar om du vil.

– Me må gjera norsk kult, meiner formidlar Johansen.

– Og det kan gjerne vera løye, legg han til.  

Ørjan Johansen har sjølv skrive eit dikt om sjølvi, inspirert av Haldis Moren Vesaas sitt «Tung tids tale». (Les diktet i faktaboksen.) 

LES OGSÅ: – Ikkje gje opp å snakke norsk

Engelskstrid
I desse dagar har dei på museet eit interaktivt spel kalla Strid, retta mot elevar i den vidaregåande skulen. Det handlar om språkstrid i det fiktive landet Heimland, der språkministeren føreslår å erstatte heimlandsk heilt med engelsk. Noreg er kanskje ikkje der heilt enno, men dei museumstilsette har merka seg den store engelskdominansen på internett, særleg i sosiale medier.

– Kvifor kallar me det selfie? Eg tykkjer sjølvi er eit godt ord, som minner litt om eit damenamn, seier avdelingsleiar Inger Undheim, som har nettopp dette ordet på t-skorta si.

Med norske skigardar på brystet vil dei vise at det finnast norske alternativ, og få folk til å bruke dei. Kanskje kan ein òg omskrive engelske ord til norsk?

LES OGSÅ: «Selfie» årets mest irriterande

Norsk lagsveising
Avdelingsleiaren på Garborgsenteret stiller spørsmål ved kvifor me ofte nyttar engelske ord, framfor norske omsettingar.

– Er det fordi det er kulare, så er eg ueinig. Dei fleste nordmenn, med norsk som morsmål, uttrykker seg jo betre på norsk.

Undheim oppmodar folk til å nytta sitt eige språk, men dei er alle einige om at me ikkje skal kvitte oss heilt med engelske lånord. Lånord er naturleg, og frå gamalt av har me mange latinske framandord.

Det dei vil er at alle nordmenn – unge og gamle – skal bli meir bevisste språkbrukarar på nett. Tenkje seg om to gongar, for å finne gode norske ord som passar.

For engelsken er der over alt, både i det munnlege og skriftlege språket vårt. Eit døme er ordet teambuilding, som godt kan omsetjast til lagsveising.

Slit du med å finne gode norske avløysarord har Språkrådet ei liste som kan vere til hjelp.

– Språkets herre
Men det er ikkje berre orda våre som vert påverka av engelsken. I den norske setningsoppbygginga snik det seg inn stadig meir engelsk. Dei nemner døme som: «å vekse på meg», «stå opp for meininga si» eller, som Vaular syng: «Og vi kan ta hele dagen av».

– Men det kan vere veldig morosamt med slike omsettingar, meiner Undheim, som har ei klar oppmoding når det kjem til språkbruk på nett:

– Ver språkets herre. Eller dronning over språket.


Sjekk ut dei siste
sjølvi-ane under:

Faktaboks

Det heiter ikkje: selfie – no lenger
Heretter heiter det: sjølvi.
Eig du lykka så er ho ikkje lenger
berre di.
Alt det som følgjaren din kan ta imot
av lykka di, må du gi.

Alt du kan løfte av børa til følgjaren din,
må du ta på deg.
Det er mange ikring deg som frys,
ver du eit bål, strål nynorsk ifrå deg!

Brukar finn brukar, lenke stør lenke,
ord slår imot ord.
Det hjelper då litt, at du klarer å motstå
det engelske hylekor!

Av Ørjan Johansen, etter «Tung tids tale» av Haldis Moren Vesaas.