«Selfie» årets mest irriterande
Deler plassen med verb som Miley Cyrus gjorde kjent.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Årets mest irriterande ord
Mens Oxford Dictionaries i november kåra «selfie» til årets engelskspråklege nyord, har Lake Superior State University i Michigan kåra ordet til det mest irriterande i 2013.
Berre «twerk/twerking» – ei form for seksuelt provoserande dans – var like irriterande som slangordet for sjølvportrett dette året, ifølgje den årlege lista.
LES OGSÅ: Knuser til med Miley på nynorsk
Dei over 800 orda som har fått plass på lista sidan starten i 1975, er ord som folk over heile Nord-Amerika har stemt fram som forslitne, ubrukelege og irriterande.
Nesten like stor harme som «selfie» og «twerk» har uttrykket «Mr. Mom» skapt i USA og Canada det siste året. Uttrykket stammar frå den tretti år gamle filmen «Mr. Mom» og har det siste året vorte henta fram igjen som nemning på fedrar som passar barn.
Andre ord og uttrykk som opplyste nordamerikanarar helst ikkje vil sjå eller høyre, er «hashtag», «Twittersphere», «Obamacare» (om helsereforma i USA), «T-bone» (biletleg om trafikkulykker) «intellectually/morally bankrupt» og alt som går «on steroids». Dessutan er det ganske trøyttande med ord som endar på «-pocalypse» og «-ageddon», meiner dei, slik som «snow-pokalypse» og «ice-ageddon» (©NPK).
LES OGSÅ: Digital detox inn i ordlista