Lanserer stipend til 200 internasjonale studentar

Frå neste haust kan 200 internasjonale studentar få stipend til å studera i Noreg. – Alt for lite, meiner studentleiar Oline Sæther.

Marie Knutsen Bruntveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Laurdag annonserte forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch at Kunnskapsdepartementet vil oppretta ei eiga stipendordning for studentar frå land utanfor EU, EØS og Sveits som vil studera i Noreg.

– Dette er veldig bra, og ei viktig satsing, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch til VG om stipendet som i fyrste omgang vil bli delt ut til 200 studentar. 

Borch meiner det nye stipendet vil bidra til å heva talet på internasjonale studentar som stupa kraftig etter studieavgifta vart innført. I statsbudsjettet for 2023 slutta regjeringa å innføra studieavgift for internasjonale studentar som kjem frå land utanfor EU, EØS og Sveits. Sluttinga møtte kritikk frå studentorganisasjonar og akademikarar som kalla innføringa «usolidarisk».

– Magert plaster på såret

Innføringa var upopulær blant studentorganisasjonane, som arrangerte gravferd for gratisprinsippet i juni. Leiar av Norsk Studentorganisasjon (NSO), Oline Sæther, opplever at studentorganisasjonane har blitt høyrd i saka, men refsar likevel den nye ordninga.

– Me er sjølvsagt letta over at regjeringa følger opp på krava våre, og det lover godt at ei slik ordning kjem på plass allereie neste haust, men 200 er alt for lite, meiner studentleiaren.

Oline Sæther er leiar i Norsk studentorganisasjon. | Foto: NSO / Skjalg Bøhmer Vold

Sæther meiner det framleis er mykje som er uklårt ved ordninga.

– Me er veldig spørjande om kvar finansieringa til ei slik ordning skal komma ifrå. Me vil gjerne sjå at det blir lagt friske middel inn i ordninga, seier Sæther.

Færre vel Noreg

Innføringa av studieavgifta resulterte i ei stor nedgang i talet på studentar frå dei påverka landa som aksepterte tilbod om studieplass i Noreg mellom 2022 og 2023.

Eit av universiteta som har hatt nedgang i talet internasjonale studentar dette studieåret er Universitetet i Bergen. Rektor ved UiB, Margareth Hagen er svært positiv til den nye ordninga.

– Eg legg merke til at dette presenterast som «i fyrste omgang», og det er bra. 200 stipend er ikkje mange, men det er ei viktig byrjing. Dette er gode takter frå Sandra Borch så no håpar me på ei fornuftig og lite kronglete fordeling, seier Hagen til Khrono.


Les også: Langt færre internasjonale studentar etter ny studieavgift: – Hårreisande usolidarisk politikk

Illustrasjonsfoto: Alexis Brown/Unsplash