Kritisk til skroting av firarkrav i lærarutdanninga: – Feilslått
Frp-politikar Julianne Cornelia Ofstad er uroa for strykprosenten blant lærarane og ber regjeringa gå tilbake til firarkravet i matematikk og norsk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
19. juni meldte Khrono at 33,9 % av grunnskulelærarstudentane strauk på nasjonal deleksamen i matematikkdidaktikk.
– Det er ei stor auke frå i fjor. Dette skjer etter at regjeringa har skrota firarkravet i matte, skriv Julianne Cornelia Ofstad i ein e-post til Framtida.no.
Ho er Frp sin tredjekandidat til Oslo bystyre.
– Dette bør me ta på alvor
I 2016 innførte Solberg-regjeringa eit krav om minst karakter fire i matematikk i opptakskrava til lærarstudiar.
Ofstad reagerer på at storbyuniversitetet OsloMet i år har nesten 47 prosent som stryk på eksamen, og at tendensen er at snittet i matematikk er gått ned.
– Dette bør me ta på alvor, og det viser at skroting av firarkravet er feilslått, meiner Frp-politikaren.
– Feil å senka ambisjonane
Oftstad viser til ein NIFU-rapport frå 2020, som viste at fleire fullførte lærarstudiet.
– Dette viser at det har vore heilt feil å senka ambisjonane for lærarutdanninga. Sidan firarkravet blei innført har me sett at fleire fullfører lærarstudiet, og ein sit igjen med fleire lærarar etter studietida, skriv Ofstad, som konkluderer:
– No håpar eg regjeringa tar lærdom av desse tala og innser at ei gjeninnføring av firarkravet i matte og norsk er riktig veg å gå.
Direktør i NOKUT, Kristin Vinje, seier til NRK at dei dårlege resultata kan ha samanheng med fjerninga av firarkravet.
– Studentane som har teke eksamen i år har hatt ulike opptakskrav, i og med at nokon studiestader gjennomfører eksamen på førsteåret, medan andre gjennomfører den på andreåret. Difor har nokon av studentane hatt 4-krav, medan andre ikkje. Me kan likevel ikkje seia noko konkret om effektane av dette i dei undersøkingane me har gjort no.