Global varmerekord for tredje dag på rad

Gjennomsnittstemperaturen på jorda vart berekna til 17,18 grader onsdag.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det tangerer varmerekorden frå dagen før og er den tredje varmerekorden denne veka.

Rekordtemperaturen er berekna av University of Maine som bruker satellittdata og simuleringsmodellar for å berekne den globale temperaturen.

Tysdag vart temperaturen i verda også berekna til å vere 17,18 grader, medan den førre rekordnoteringa kom måndag og lydde på 17,01 grader. Dette er dei tre varmaste dagane som nokon gong er registrert.


Denne brannen starta 27. mai og var framleis ikkje under kontroll 6. juni, opplyser Ontario Forest Fires på Twitter. Foto: Departementet for naturressursar og skog i Ontario