Danmark kuttar i bachelorutdanningar og kortar ned mastergradar
Innan 2028 skal 10 prosent av danske masterstudentar gå på kortare masterutdanningar, og 10 prosent skal kombinera master med arbeidserfaring.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tysdag 27. juni presenterte den danske regjeringa si nye utdanningsreform, som tek sikte på å gjera studentane betre rusta for møtet med arbeidslivet.
Reforma inneber fleire store omveltingar i den høgare utdanninga:
- 8 prosent færre studentar skal takast opp på bachelorutdanningane
- 10 prosent av masterstudentane skal byrja på eit kortare masterløp innan 2028
- 10 prosent av masterstudentane skal byrja på eit kombinert master- og arbeidsløp innan 2028
Les også: Distriktsungdom startar seinare i høgare utdanning
Kortare masterutdanningar
Dei danske regjeringspartia Socialdemokratiet, Venstre og Moderaterne, har fått støtte av SF, Danmarksdemokraterne, Liberal Alliance og Det Konservative Folkeparti.
– Med avtalen sikrar me ei sterkare kopling mellom universiteta og arbeidsmarknaden, og me gjev studentane meir fleksibilitet og nye karrierevegar, seier fungerande økonomiminister Stephanie Lose i ei pressemelding frå den danske regjeringa.
Danmark har til liks med Noreg toårige masterutdanningar. Endringane inneber at fleire studentar skal starta på ei kortare masterutdanning, som berre er eitt år og tre månadar.
I tillegg skal det trappast opp slik at 20 prosent av masterstudentane i 2032 byrjar på ei meir yrkesretta masterutdanning, der dei jobbar ved sida av studia.
Enhedslisten og Radikale Venstre trekte seg måndag frå forhandlingane om utdanningsreforma. Enhedslistens Mai Villadsen kalla reforma for «eit tåpeleg eksperiment» som vil gjera utdanningane dårlegare og leggja større press på ein allereie pressa generasjon, ifølgje Politiken.dk.
Satsar på profesjon og engelsk
Utdanningsreforma inneber eit økonomisk løft for profesjonsutdanningane lærar, pedagog, sjukepleiar og sosialrådgjevarar. Det same gjeld yrkesutdanningane.
Danmark skal òg oppretta 2500 engelskspråklege studieplassar.
– Eg er utruleg glad for at me opnar for fleire internasjonale studentar. Det skapar verdi mange stader i samfunnet vårt, seier utdanning- og forskingsminister Christina Egelund i pressemeldinga.
Les også: Norsk studentorganisasjon rasar over skulepengar til internasjonale studentar