Riksrevisjonen: – Universitet og høgskular prioriterer ikkje kvalitetsarbeid

Talet på studentar som blir ferdige på normert tid har auka dei siste ti åra, men framleis brukar nesten halvparten av studentane i Noreg meir enn normert tid på studiane sine. Det kjem fram i ei pressemelding frå Riksrevisjonen.
Riksrevisjonen har undersøkt korleis utdanningsinstitusjonane legg til rette for å vidareutvikle kvaliteten i studieprogramma og korleis støtta frå staten støttar opp om dette.
Resultata viser at institusjonane ser på utviklingsarbeidet som viktig for å betre studiegjennomføringa, men at dei ikkje set av tilstrekkeleg med tid til dette.
– Å prioritere slikt arbeid er nødvendig for å sikre god utdanningskvalitet og å betre studiegjennomføringa. Det er avgjerande at universitet og høgskular er merksame på samanhengen mellom studiegjennomføring og kvaliteten i studieprogramma, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.