Elevorganisasjonen om eksamenskaoset: – Kjempeproblematisk
Det er kjempeproblematisk at Utdanningsdirektoratets nettsider krasjar på ein så stor dag for mange elevar, meiner Elevorganisasjonen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den skriftlege eksamenen starta måndag morgon, men dataproblem gjorde at fleire ikkje fekk levert. Det var problem med Utdanningsdirektoratets sider i heile landet.
– Det er kjempeproblematisk at Utdanningsdirektoratets nettsider krasjar på ein så stor dag for mange elevar, seier påtroppande leiar i Elevorganisasjonen, Petter Andreas Lona, til NTB.
Bør sjå på om ein kan halde skriftleg eksamen
Han seier ein ikkje kan forvente at ein elev presterer på sitt beste når det er eksternt kluss.
– Dersom datasystema ikkje betrar seg, bør ein sjå på om skriftleg eksamen kan bli halden i det heile i år, seier Lona.
– Dersom det har vore store utsetjingar på enkelte eksamenar, så bør ein sjå på å annullere dagens eksamenar.
Fleire problem
Lona seier dette er det siste av fleire dataproblem for elevane dei har sett så langt i eksamensperioden.
– Vi har hatt Visma som krasja 12. mai, dagen eksamenane vart offentleggjorde. Vi har fått høyre av fleire medlemmer at nettsidene som NDLA og ordboka Lexin krasja fredag. Så mange elevar hadde ikkje tilgang til ressursar dei hadde krav på. Så med datakrasjen i dag er dette veldig problematisk.
Problema vart løyste måndag formiddag, men då hadde eksamen allereie vorte forstyrra. Over 270 000 elevar skulle opp til eksamen i vår. For dei fleste av dei var det første gong dei skulle få kjenne på eksamensnervar. Pandemien stansa eksamen i fleire år.
I Møre og Romsdal er eksamenen måndag avlyst.