120 ordførarar med nynorskopprop: – Like vilkår for nynorsk- og bokmålselevar
1 av 3 norske ordførar har skrive under eit opprop om ei betre opplæringslov.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi er svært glade for at 120 ordførarar frå både nynorsk-, bokmåls- og språknøytrale kommunar stiller seg bak oppropet for like vilkår for nynorsk- og bokmålselevar, seier Sara Sekkingstad i ei pressemelding.
Ho er ordførar i Alver kommune og leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).
Misnøgd med opplæringslova
I mars la regjeringa fram forslag til ny opplæringslov, som etter planen skal tre i kraft i 2024.
Ordførarane som har slutta seg til oppropet, meiner at den nye opplæringslova ikkje stiller gode nok nynorskkrav til læringsressursar laga for bruk i skulen.
– For nær 50 år sidan vedtok Stortinget at lærebøkene skulle kome til same tid og pris. Dette prinsippet står framleis fast, men i dagens digitale skulekvardag må dette prinsippet fornyast til også å gjelde læringsressursar som er laga for bruk i opplæringa, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.
I framlegget frå regjeringa gjeld kravet om læremiddel på nynorsk og bokmål til same tid og same pris læremiddel som er i bruk jamleg og dekkjer vesentlege delar av læreplanen.

Leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge. Foto: Jannica Luoto
Ordføraroppropet:
I oppropet frå ordførarane blir det trekt fram at den nye opplæringslova er ikkje god nok for lærarane og nynorskelevane. Dei meiner situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg og at den nye opplæringslova vil føre til svært ulike læringsvilkår mellom nynorsk- og bokmålselevane.
«Difor ber vi Stortinget leggje «læringsressursar som er laga for bruk i opplæringa» inn under parallell-kravet om bokmåls- og nynorskversjon. Berre slik kan nynorskelevane få ein skulekvardag på språket sitt.»
I løpet av dei næraste dagane vil Utdanningskomiteen skrive ei innstilling, og saka blir truleg avgjort i løpet av mai.
Merknad: Framtida.no er eigd av Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), men er redaksjonelt uavhengig. Sara Sekkingstad er styreleiar i LNK.

Amanda Frøseth Hindenes synest Google dokumenter fungerer dårleg på nynorsk. Foto: Privat/kollasj Framtida.no
Desse har skrive under på ordføraroppropet:
|
Sara Hamre Sekkingstad |
Alver kommune |
Sp |
|
Ole André Klausen |
Askvoll kommune |
H |
|
Odd Jørgen Nilssen |
Aukra kommune |
H |
|
Trygve Skjerdal |
Aurland kommune |
Sp |
|
Morten Storebø |
Austevoll kommune |
H |
|
Per Lerøy |
Austrheim kommune |
Ap |
|
Trine Lindborg |
Bjørnafjorden kommune |
Ap |
|
Osmund Våga |
Bokn kommune |
Sp |
|
Anne Kristin Førde |
Bremanger kommune |
Ap |
|
Eilif Trælnes |
Brønnøy kommune |
Sp |
|
Sigbjørn Åge Fossdal |
Bygland kommune |
Ap |
|
Jan Dagfinn Dalen |
Bykle kommune |
Ap |
|
Sammy Olsen |
Bømlo kommune |
Sp |
|
Astrid Skomakerstuen |
Dovre kommune |
Uavhengig (tidl.Ap) |
|
Tor Peder Lohne |
Drangedal kommune |
Sp |
|
Anders Vatle |
Eidfjord kommune |
Sp |
|
Heidi B. Ekrheim |
Etne kommune |
Ap |
|
Linda Mæhlum Robøle |
Etnedal kommune |
Sp |
|
Arnt Abrahamsen |
Farsund kommune |
Ap |
|
Stian Herøy |
Fedje kommune |
H |
|
Harald Rydland |
Fitjar kommune |
Krf |
|
Kjetil Høgseth Felde |
Fjaler kommune |
Sp |
|
Eva Hove |
Fjord kommune |
Ap |
|
Torbjørn Klungland |
Flekkefjord kommune |
Frp |
|
Oddvar Garaas |
Flesberg kommune |
Sp |
|
Merete H. Gandrud |
Flå kommune |
Ap |
|
Erik Skjervagen |
Fyresdal kommune |
Ap |
|
Anette Musdalslien |
Gausdal kommune |
Sp |
|
Harry Valderhaug |
Giske kommune |
Krf |
|
Knut Sjømæling |
Gjemnes kommune |
Sp |
|
Anders Østensen |
Gjerdrum kommune |
Ap |
|
Frode Fjeldsbø |
Gjesdal kommune |
Ap |
|
Leidulf Gloppestad |
Gloppen kommune |
Sp |
|
Herbrand Jegleim |
Gol kommune |
Sp |
|
Hallvard Oppedal |
Gulen kommune |
Sp |
|
Einar Busterud |
Hamar kommune |
By- og bygdelista |
|
Bernt Brandal |
Hareid kommune |
Folkelista |
|
Arne-Christian Mohn |
Haugesund kommune |
Ap |
|
Pål Rørby |
Hemsedal kommune |
Sp |
|
Bjørn-Halvor Prytz |
Herøy kommune |
Ap |
|
Anita Husøy Riskedal |
Hjelmeland kommune |
Sp |
|
Tove Henøen |
Hustadvika kommune |
Sp |
|
Kjell Eide |
Hyllestad kommune |
Ap |
|
Margrethe Handeland |
Hægebostad kommune |
Sp |
|
Petter Sortland |
Høyanger kommune |
Ap |
|
Jonas Skrettingland |
Hå kommune |
Krf |
|
Jarle Nilsen |
Karmøy kommune |
Ap |
|
Ola Teigen |
Kinn kommune |
Ap |
|
Torgeir Næss |
Kvam herad |
Ap |
|
Per Sverre Kvinlaug |
Kvinesdal kommune |
KrF |
|
Hilde Enstad |
Kvinnherad kommune |
Ap |
|
Bjørn Nordskog |
Kviteseid kommune |
Sp |
|
Stian Giil Bjørsvik |
Kvitsøy kommune |
Krf |
|
Mariann Skotte |
Lesja kommune |
Sp |
|
Bjarne Eiolf Holø |
Lom kommune |
Sp |
|
Ivar Kvalen |
Luster kommune |
Sp |
|
Audun Mo |
Lærdal kommune |
Ap |
|
Karstein Totland |
Masfjorden kommune |
H |
|
Siri Blichfeldt Dyrland |
Midt-Telemark kommune |
Sp |
|
Kjetil Eikefet |
Modalen kommune |
Samlingslista |
|
Bengt-Magne Luneng |
Målselv kommune |
Sp |
|
Knut Arne Fjelltun |
Nord-Aurdal kommune |
Sp |
|
Anne Marie Olstad |
Nord-Fron kommune |
Ap |
|
Ragnhild Haagenrud Moen |
Nord-Odal kommune |
Sp |
|
Lars Fjeldstad |
Osterøy kommune |
Sp |
|
Anne Kristine Grøtting |
Porsgrunn kommune |
Sp |
|
Jarle Bø |
Randaberg kommune |
Sp |
|
Yvonne Wold |
Rauma kommune |
SV |
|
Inger Monsen |
Rødøy kommune |
Bygdeliste |
|
Knut Harald Frøland |
Samnanger kommune |
Bygdalista |
|
Olav Myklebust |
Sande kommune |
Sp |
|
Asbjørn Birkeland |
Sauda kommune |
Sp |
|
Eldri Seim |
Sel kommune |
Sp |
|
Sondre Aasan |
Seljord kommune |
Sp |
|
Edel Kveen |
Skjåk kommune |
Sp |
|
Arnstein Menes |
Sogndal kommune |
Ap |
|
Jonas Andersen Sayed |
Sokndal kommune |
Krf |
|
Gunn Åmdal Mongstad |
Solund kommune |
Sp |
|
Gunnar Silden |
Stad kommune |
V |
|
Gaute Straume Epland |
Stord kommune |
Ap |
|
Even Moen |
Stor-Elvdal kommune |
Sp |
|
Jan Ove Tryggestad |
Stranda kommune |
Sp |
|
Per Kjøllesdal |
Stryn kommune |
Sp |
|
Jim Arve Røssevoll |
Sula kommune |
Ap |
|
Gerd Helen Bø |
Suldal kommune |
Sp |
|
Jenny Følling |
Sunnfjord kommune |
Sp |
|
Margrethe Svinvik |
Surnadal kommune |
Sp |
|
Linn Therese Erve |
Sveio kommune |
Ap |






