– Vestlege statar må handle no

Ureint vatn drep fleire born enn AIDS, malaria, krig og trafikkulykker til saman. Vassaktivist Maude Barlow krev at vestlege statar tek ansvar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

11 prosent av befolkninga i verda, eller nær 800 millionar menneske, har ikkje tilgang til trygt drikkevatn. Ureint vatn er ein av hovudårsakene til at menneske blir sjuke, og problemet er størst i fattige område, ifølgje FN-sambandet.

Den prisløna kanadiske aktivisten Maude Barlow gav nyleg ut boka Blue Future, Protecting Water for People and the Planet Forever. Boka er den siste i ein trilogi om den globale vasskrisa og kva vi kan gjere for å hindre den.

LES OGSÅ: Tar oppgjer med stereotypiar

Kjenner ikkje vasskrisa på kroppen
Barlow har tidlegare peika på det ho meiner er apati i møte med vasskrisa i det globale Nord.

– Korleis forklarar du denne apatien som du skildrar?

– Det er vanskeleg for folk i land som Noreg og Canada å verkeleg forstå omfanget og alvoret i den globale vasskrisa. Ein dag kjem det til å vere i alle sine tankar, men per i dag er dei fleste i vestlege land ramma av myten om overflod – trua på at det alltid kjem til å vere nok vatn for alle og at vi vil kunne finne teknologiske løysingar på alle eventuelle problem. Dette er verkeleg feil. Kloden er på randen av ei djup vasskrise, og effektane vil bli merka overalt, svarar Barlow i ein e-post til Framtida.no.

I 2010 vart tilgang til nok, reint vatn stadfesta som ein menneskerett av FN. Eit av FN sine tusenårsmål er å halvere andelen av menneske utan tilgang til sikkert drikkevatn og tilfredstillande sanitære tilhøve. I 2012 var målet nådd, men det er likevel svært mange som framleis lever utan tilgang til reint vatn.

– Kva rolle kan og bør vestlege statar spele i møte med vasskrisa?

– Vestlege statar må handle no. Dei må hjelpe det globale Sør ved å investere i offentlege vassystem for å sikre retten til vatn alle stader. Vestlege statar må motsette seg jord- og vassran i Afrika og i fattige land andre stader, der lokale bønder og urfolk vert drivne vekk frå sitt eige land. Dei må promotere rettferdige handelsavtalar, som vernar om menneskerettar og offentleg vatn, og som ikkje fremmar vassprivatisering, slik som alle dei noverande frihandelsavtalane gjer. Og når FN har slått fast at alle har rett til vatn, må vestlege statar syte for at desse verdiane er reflekterte i pensjonsfonda deira, svarar Barlow.

LES OGSÅ: Dei superrike blir rikare

– Noreg bør trekkje seg ut av selskap som privatiserer vatn
Tidlegare i år vedtok KrFU at dei vil arbeide for å trekkje Oljefondet ut av Nestlé og «andre selskap som hindrar lokal råderett og allmenn tilgang til vatn». Den multinasjonale mat- og drikkevareprodusenten har fått sterk kritikk for å monopolisere drikkevatn og hindre lokal råderett, mellom anna i Pakistan.

– Vi må stille høgare etiske krav enn vi gjer til forvaltinga av ein av våre viktigaste ressursar, uttalte sentralstyremedlem i KrFU, Tore Storehaug.

LES OGSÅ: Her er årets mest skadelege innsamlingsvideo

Sjølv om kommunikasjonssjef i Nestlé Noreg, Marianne Aaberg avviste kritikken, får Storehaug støtte av vass-aktivisten Barlow.

– Dersom Oljefondet ønskjer å verkeleg ta konsekvensen av det norske folk si uro for miljøet, så bør det trekkje seg ut av selskap som er ein alvorleg trugsel mot vatnet i verda. Nestlé er ein stor produsent av flaskevatn. Styreformann i selskapet, Peter Brabeck, forsvarar å gjere vatn til ei handelsvare og held posisjonar med påverknadskraft på både FN og Verdsbanken. Å privatisere vasstenester, kjøpe, selje eller handle med vatn på den opne marknaden, og å produsere flaskevatn, er alle måtar å endre vatn frå å vere eit fellesgode og ein menneskerett, til å verte ei privat vare i hendene på dei som tener på den globale vasskrisa, seier Barlow.

Barlow er sjølv overtydd om at mange innbyggjarar i vestlege land er djupt uroa for miljøet og menneskerettsbrot som følgje av vasskrisa.

– Men vasskrisa kan følast veldig fjern for folk i relativt rike land. Nordmenn som ønskjer å gjere noko med miljøengasjementet sitt bør krevje at Oljefondet byrjar å ta deira uro på alvor, meiner ho.

LES OGSÅ: – Treng lån, ikkje bistand

Faktaboks

 Maude Barlow (fødd 1947)

• Kanadisk forfattar og aktivist som har motteke elleve utmerkingar som æresdoktor og mange ulike prisar.

• I 2005 fekk ho Den alternative Nobelprisen, eller Right Livelihood Award, for sitt virke som aktivist.

• Ho er nasjonal leiar for organisasjonen Council of Canadians, og ein av grunnleggjarane av The Blue Planet Network – ein internasjonal organisasjon som arbeider for å gjere vatn til ein menneskerett.