SU-leiar om utspel frå Senterungdommen: – Politisk spel
Senterungdommen-leiaren sa at eit SV-samarbeid er like usannsynleg som at Elvis lever.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg synest det er synd at Senterungdommen vel å bruke tida si på politisk spel, heller enn å snakke om sin eigen politikk.
Det svarar leiar i Sosialistisk Ungdom (SU) Synnøve Kronen Snyen til utspelet leiaren av Senterungdommen kom med før helga om utsiktene til regjeringssamarbeid med Sosialistisk Venstreparti (SV).
Som om Elvis lever og ein okse kalvar
Både Senterpartiet (Sp) og Sosialistisk Venstreparti har hatt landsmøte i helga.
Leiar i Senterungdommen Andrine Hanssen-Seppola sa på landsmøtet til moderpartiet at Senterungdommen ikkje vil godta at Senterpartiet deltar i regjering med SV.
– Det er like usannsynleg at Elvis lever og det er like usannsynleg at ein okse kalvar. Avstanden er for stor, uttalte ho.
Etter Stortingsvalet i 2021 sonderte Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV om eit regjeringssamarbeid. Det enda med at SV trekte seg, og dei to andre partia danna mindretalsregjering.
Framtida.no har spurt SU-leiaren om kor sannsynleg eller usannsynleg ho meiner det er at SV vil samarbeide med Sp i regjering.
– Vi har sagt at vi er klare for å forhandle om regjeringsdeltaking, men då må vi få langt større gjennomslag for rettferdig fordeling og klimahandling enn det regjeringa har vore villige til å gi oss. Det har regjeringa så langt sagt nei til, svarar Snyen i ein e-post til Framtida.no.
- Les også: SU-leiaren om SV-exiten: – Skuffa over at Ap og SP ikkje var villige til å kome oss i møte
Konkret politikk
Det er ikkje Sosialistisk Ungdom samde i.
– SV sine gjennomslag i forhandlingar om statsbudsjett med regjeringa er veldig konkrete som gjer ein forskjell i folk sine liv, svarar Synnøve Kronen Snyen.
Ho trekker fram gratis SFO for alle 1.-klassingar, billegare tannlege for unge, høgare studiestøtte og auka bistand til land i det globale sør, som nokre døme.
Landsmøtehelg
Etter landsmøtet kunne Senterungdommen også juble for gjennomslag i si kampsak for å reversere regjeringa sine kutt i BSU-ordninga (bustadsparing for unge).
Kjersti Bergstø vart vald til ny SV-leiar etter at Audun Lysbakken trekte seg. SV skrota òg Nato-politikken dei har hatt. Dei går ikkje lenger inn for norsk utmelding av forsvarsalliansen. Partiet held likevel fast på at eit nordisk samarbeid er det beste for Noreg, men noko som må skje gradvis.