Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum har MS

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Senterpartiets leiar, Trygve Slagsvold Vedum, vart i 2020 diagnostisert med sjukdommen MS.

Han delte historia i ein svært personleg og open tale til landsmøtet i Trondheim fredag.

Våren 2020 fekk han eit anfall heime og vart veldig dårleg.

– Eg kjende at kroppen snurra rundt, alt vart verre og til slutt visste eg verken opp eller ned på noko. Eg vart liggjande på baderomsgolvet, sa han.

Kona fann han og ringde legevakta. Det enda med at Vedum vart frakta til sjukehus i ambulanse.

Utover våren og sommaren fekk han gjentekne anfall. Etter fleire undersøkingar i helsevesenet fekk han beskjed av legen om at han har MS.

– Det var ein krevjande beskjed å få, sa han.

Kontrastfylt valdag

Multippel sklerose (MS) er ein nevrologisk sjukdom som rammar sentralnervesystemet i hjerne og ryggmerg. Nokre lever nærast symptomfrie, men hos andre kan sjukdommen gi alvorleg funksjonssvikt, ifølgje Helsenorge.

Våren 2021 byrja situasjonen å roe seg, og han vart gradvis i betre form. Han fortalde om ein kontrastfylt valdag i september 2021.

– Valdagen byrja eg i ei MR-maskin på Hamar, fortalde han.

Etter å ha byrja på medisinar seier Vedum at han etter alle praktiske formål no ikkje merkar nokon ting av sjukdommen.

– Det er ei enorm lette.

Blir rosa for openheita

MS-forbundet hyllar Vedums openheit.

– Først vil eg uttrykkje omtanke overfor at han har fått MS. Vi veit det er mange med MS som ikkje tør å vere opne om sjukdommen fordi dei er redde for konsekvensane det kan få for jobb og privatliv, seier generalsekretær Magne Wang Fredriksen.

Vedums openheit vil ha mykje å seie for personar med MS, trur han.

– Han viser at det er mogleg å ha ein krevjande jobb sjølv om ein får MS. Det krev mot å stå fram i den posisjonen han har, seier Fredriksen.

Viktig med eit fellesskap

– Kvifor fortel eg dette? Fordi når vi er som mest sårbare, er vi mest avhengige av fellesskapet. Åleine var eg hjelpelaus, men på grunn av fellesskapet som stilte opp, klarte eg å komme meg gjennom dette, sa Vedum i talen sin.

Han takka sjukepleiarane og legane som hjelpte han, og understreka kor viktig det offentlege helsevesenet er.

– Det siste året er det mange som har kjent på sårbarheit i det norske samfunnet. Det har vore eit krevjande år for mange. Svaret vårt er fellesskap, sa han.


Lege held ein tampong og ein modell av ein vagina

Eit ekspertutval meiner det trengst éin milliard kroner til kvinnehelse. Illustrasjonsfoto: Colourbox