Ny FN-avtale skal verne 30 prosent av havet
Havavtalen The High Seas Treaty kom i mål etter nesten to tiår med diskusjonar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Etter fem rundar med forhandlingar, vart forhandlarar frå over 100 land samde om ei juridisk bindande havavtale.
Landa pliktar seg til å verne 30 prosent av verdas hav innan 2030. I tillegg skal meir pengar gå til å konservere havet.
Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) kallar avtala eit stort og viktig gjennombrot.
– Mesteparten av kloden er hav, og her finn vi store delar av klodens biologiske mangfald. Endeleg har verdshava fått si miljøavtale, seier Barth Eide i ei pressemelding om avtalen.
Havavtalen The High Seas Treaty kom i mål etter nesten to tiår med diskusjonar og fire år med forhandlingar.
Skal verne havområde
Nesten to tredelar av verdshava ligg utanfor nasjonale grenser, og er såkalla internasjonalt farvatn.
Den nye avtala tek føre seg nettopp desse herrelause hava. Ho lagar eit juridisk rammeverk for å kunne opprette verneområde til havs, slik at ein kan beskytte dyrelivet som bur der. Til no har berre 1,2 prosent av internasjonalt farvatn vore verna.
I verneområda er det grense for kor mykje ein kan fiske, kor handelsrutene skal gå og kor ein kan drive med aktivitetar som djuphavsgruvedrift.
Målet er å sikre berekraftig bruk av havressursar, samstundes som ein vernar rettane og interessene til dei involverte landa.
Traktaten etablerer òg ein conference of the parties (COP) som skal møtast med jamne mellomrom, slik at medlemslanda lyt innfri løftene sine.
For at avtala skal tre i kraft, må ho verte signert og ratifisert av nok land.