Forskarar slår alarm om tropiske korallrev

Dei tropiske korallreva i verda har truleg passert eit kritisk punkt ettersom hava blir varmare enn det dei fleste av dei toler, ifølgje ein ny rapport.

NPK-NTB
Publisert

Den omfattande rapporten vart lagt fram måndag og kjem i forkant av klimatoppmøtet COP30 i Brasil. Over 100 forskarar har bidrege

Det er første gong forskarar har erklært at jorda sannsynlegvis har nådd eit såkalla «vippepunkt» – ei endring som kan utløyse massive og ofte varige forandringar i naturen, skriv nyheitsbyrået AFP.

– Dessverre er vi no nesten sikre på at vi har passert eitt av desse vippepunkta for varmt vatn eller tropiske korallrev, seier Tim Lenton, klima- og jordsystemforskar ved Universitetet i Exeter i Storbritannia og hovudforfattar bak rapporten.