Er han Noregs mest aktive målleiar?

Berre Oslo feira Språkåret meir enn dette mållaget – midt i bokmålsland.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noregs mest aktive målleiar?

Det heiter seg at Språkåret er året som ikkje tek slutt. Når det no likevel går mot 2014 og Språkåret 2013 er i ferd med å gjere opp rekneskap, er det éin stad som peikar seg ut.

Med sine kring 30.000 innbyggjarar er Hamar ein langt mindre by enn Oslo, Bergen og Trondheim. Likevel er det berre Oslo som har hatt fleire språkarrangement enn Hamar i Språkåret. Og medan arrangementa i Oslo var laga av mange ulike, står éin aktør bak alle hendingane i Hamar.

LES OGSÅ: – Språkåret har levd sitt eige liv

– Hamar dialekt- og mållag er vel den enkeltinstitusjonen som har gjort mest på ein og same stad. Og dei har gjort ein strålande innsats, skriv Bente Lothe Eldholm, prosjektsekretær i Språkåret 2013 i ein epost.

For likestilling og demokrati
Nynorsk-kafé, bokutstilling, føredrag, folkedans og konsertar er berre nokre av dei kring 40 arrangementa som har gått av stabelen i Hamar i laupet av året. I tillegg har over 70 kronikkar og avisartiklar signert Hamar dialekt- og mållag sett fokus på språk i ulike aviser.

Og ikkje minst – songen «Ivar Aasen var ein travel mann (The Ivar Aasen party song)» har i skrivande stund 1.740 syningar på Youtube.

– Vert du aldri lei av språk?

– Nei, det gjer eg ikkje. Eg kan verte lei av kranglinga av og til. Samstundes er det fascinerande at ein kan verte uvennar over –en og –an-endingar. Kranglinga om bøyingar og skrivemåtar syner at språket er ein viktig del av folk sin identitet. Det er ein viktig grunn til å halde på.

LES OGSÅ: Høyr koss di snakke

Det seier Jens Haugan. Han er mannen bak songen «Ivar Aasen var ein travel mann» og leiar i Hamar dialekt- og mållag. Haugan, som også er førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Hedmark, er med andre ord ei av dei viktige eldsjelene bak innsatsen som av Språkåret 2013 vert kalla «strålande».

Målmannen flytta til Hamar i 2007. På det tidspunktet låg det lokale mållaget i dvale, og Haugan såg ikkje poenget i å «krangle med nynorskmotstandarane».

– Då eg kom til Hamar merka eg at mange anten var veldig negative eller heilt likegyldige til nynorsk. Etter kvart klarde eg ikkje å sitje på sidelinja. For meg handlar det ikkje om nynorsk i seg sjølve, men om demokrati og likestilling. Eg kjende meg diskriminert og eg ville ikkje sjå på at folk vert delt inn etter målform.

LES OGSÅ: Språkåret som ikkje ville ende

Styrka samhald og stoltheit
Likestilling vart drivkrafta for Haugan. Dermed vart mållaget vekt frå dvalen, og tok fatt på Språkåret med liv og lyst. Nynorskkafeen, som har gått av stabelen ein gong i månaden gjennom heile året, har ifølgje Haugan skapt ei nynorskøy midt i bokmålland.

– Kva har Språkåret betydd for nynorsken?

– Eg trur og håpar at samhaldet mellom nynorskbrukarar er styrka og at litt fleire har blitt medvitne på språkmangfaldet i landet. Kanskje kan året også ha gjort somme litt stoltare over språket sitt, og dermed bremse noko av fråfallet frå nynorsken.

LES OGSÅ: Til lyst og lære

Færøysk, islandsk og kinesisk
– Målforma som 90 prosent nyttar har hamna i skuggen. Det betyr ikkje at me ikkje er glade for Språkåret, men at me meiner vektlegginga har vore feil, sa Sverre Martin Gunnerud, redaktør i Riksmålsforbundets tidsskrift Ordet tidlegare i desember.

Den kritikken er ikkje Haugan einig i. I Hamar har både engelsk, fransk, færøysk, kinesisk, islandsk og fleire ulike minoritetsspråk vore feira. Ein tolk har fortalt om kvardagen sin, stadnamn har vore diskutert, og eit føredrag om islandsk lokka fram islendarar i nærområdet.

– Det har vore litt syting om at det har vore for mykje nynorsk i Språkåret, men det tykkjer eg er feil. Faktisk har berre eit fåtal av arrangementa i Hamar handla om nynorsk. Det har vore mykje nytt å oppdage i Språkåret, meiner Haugan.

Nokre kommentarar har også varma litt ekstra for språk-eldsjela.

– Dei ville jo sjølvsagt ikkje skifte mål, men somme frå Riksmålsforbundet har kome bort og takka for at dei har fått nokre nye perspektiv. Dei kommentarane vart eg veldig glad for, fortel han.

Ikkje ei døgnfloge
Sjølv om Haugan vedgår at han kan hende «gjer så mykje at det ikkje er plass til andre», har han ikkje tenkt å gje seg sjølv om Språkåret 2013 er slutt.

– Det blir nok ikkje like mange sprell, men vi kan ikkje slutte her. Vi må vise at vi ikkje er ei døgnfluge, seier målmannen.

Etter Oslo og Hamar, er Ørsta, Bergen og Tromsø stadane med flest markeringar, ifølgje Lothe Eldholm i Språkåret 2013. Førebelse tal syner at over 66.000 har delteke på arrangementa. Nynorskstafetten har vitja 150 stader rundt om i landet, og møtt kring 26.000 personar.

LES OGSÅ: Her er årets ord