Dette er Noregs beste studieby

Av 48 undersøkte studiebyar er det Longyearbyen som stikk av med sigeren i ei fersk undersøking som tek føre seg kor tilfredse studentane er med studiestaden.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me er ikkje veldig overraska, men veldig glade for at det viser seg at det me tilbyr studentane våre her på Svalbard er heilt i toppen, og at dei alt i alt er så tilfredse med det me totalt sett tilbyr dei, seier leiar for studieavdelinga ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) Ane Bjørsvik til Khrono.

Det er studentum.no som har utarbeidd rapporten. 48 av 70 studiestader er representerte.

– Svalbard er ein veldig spesiell stad. Alle studentane våre er student ein annan stad. Me berre låner dei eit semester. Om lag halvparten av dei er utanlandsstudentar, og alt går føre seg på engelsk. Eg trur norske studentar ofte opplever at dei har vore på utveksling etter eit opphald hjå oss, seier Bjørsvik.

Minst tilfreds i Vesterålen

Vidare på lista er det Trondheim, Bergen, Rauland og Oslo på femteplass som har dei mest tilfredse studentane. Studentum.no har lagt vekt på mellom anna fagleg miljø, studiemiljø, helsetilbod og utelivstilbod i undersøkinga si.

På botn av lista finn ein dei minst tilfredse studentane. Dei finn ein i Vesterålen, Rena og Halden.


Amalie Henriksen på Svalbard. Foto: privat