Stadig fleire unge blir uføre, men få har forsikring
Utan tillegg må unge klare seg på mellom 296.000 og 324.000 kroner frå det offentlege dersom ein blir ufør. Likevel er det få som har forsikra inntekta.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ifølgje Nav var det 21.500 uføre i alderen 18 til 29 år ved utgangen av september i fjor. Tala viser at stadig fleire unge blir uføre.
– 21.500 menneske utgjer 2,6 prosent av befolkninga i denne aldersgruppa og viser at det slett ikkje er eit konstruert problem. Stadig fleire unge blir uføre. Andelen som slit med fysiske og psykiske problem utan å vere i uførestatistikken endå er også aukande, seier Ole-Jørgen Kjenes i Frende Forsikring i ei pressemelding.
Kjenes fortel at unge er flinke til å forsikre tinga sine, men at det er få som forsikrar inntekta. Likevel er det denne gruppa som har mest å tape ved å bli ufør.
- Les også: Fleire unge er uføre, slit og er bekymra
Les også innlegget frå 23-åringen som er ufør, men fekk fleire mogelegheiter under pandemien: – Eg er redd for at det går tilbake til total isolasjon og skam dersom vi mistar moglegheitene korona har skapt for oss