Humanistar oftare misnøgde med jobben

To av tre med mastergrad i humanistiske fag meiner utdanninga ikkje førebudde dei til arbeidslivet.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slit med å finne relevant jobb

Problema med å kome seg ut i arbeid varierte etter studieretning. Ikkje uventa er det sivilingeniørar og andre med profesjonsretta utdanning som kom seg mest knirkefritt ut i jobb, syner rapporten Tre år etter mastergraden – arbeidsmarkedssituasjon og tilfredshet med jobb og utdanning

LES OGSÅ: Unge med høg utdanning økonomisk sårbare

Sivilingeniørar i medvind
Over 1.700 tidlegare mastergrads- og psykologistudentar deltok tidlegare i vår i studien som er gjort av Nordisk institutt for innovasjon, forskning og utdanning.

Dei første tre åra etter å ha fullført mastergraden opplevde ein av tre arbeidsløyse i ein periode på i snitt fire og ein halv månad. Samfunnsvitarar, humanistar og realistar sleit mest.

Sivilingeniørar, juristar og psykologar var dei som oftast vart rekruttert til sin første jobb etter endt utdanning. Dette var i liten grad tilfelle for samfunnsvitarar og humanistar. Nesten halvparten av samfunnsvitarane, samt to av fem humanistar og realistar hadde vore arbeidslause i perioden.

LES OGSÅ: Utanlandsstudentar nedlessa i studiegjeld

Utilpasse humanistar
Men sjølv om fleire opplevde arbeidsløyse i periodar var heile 99 prosent yrkesaktive til ulike tider i treårsperioden. Dette speglar det faktum at dei kom ut i eit samfunn med høg sysselsetjing.

Forskarane peikar på at arbeidsløysa godt kan vere knytt til ein søkjeperiode mellom utdanning og arbeid. Dei meiner likevel at funna peikar på at ein del har hatt problem med å finne relevant arbeid. Her peikar humanistane seg ut i negativ retning. Dei var oftare misnøgd med jobben, hadde sjeldnare relevant arbeid og hadde dårlegare løn enn personar med yrkesretta utdanning.

LES OGSÅ: Over halvparten har høgare utdanning

Lettare for psykologar og juristar
Då undersøkinga vart gjort, nesten tre år etter mastergraden var levert, var 2,5 prosent arbeidsledige og 94 prosent var sysselsette.

Sivilingenørar, psykologar og juristar har ikkje berre ein lettare overgang til arbeidslivet. Dei er òg meir nøgde med utdanninga. Fire av fem innan desse yrkesretningane meinte at utdanninga gav eit godt grunnlag for å få ein jobb etter forventningane, medan berre to av fem humanistar meinte det same.

Faktaboks

Desse studieretningane var med i studien:
• humaniora
• rettsvitskap (juss)
• samfunnsvitskap
• teknologifag (sivilingeniørar)
• naturvitskapelege og tekniske fag elles (realistar)
• psykologar (cand. psychol.)