Netthets mot AUF-leiar etter Giske-kritikk
Då Astrid Hoem nyleg peika på Trond Giske som ein del av Arbeidarpartiets problem, fekk ho støtte av Jonas Gahr Støre. På nettet blir AUF-leiaren møtt av hets.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det mange har omtalt som eit oppgjer med tidlegare Ap-nestleiar Trond Giske, kom i NRKs Debatten førre veke. Statsminister og Ap-leiar Jonas Gahr Støre støtta kritikken, men sa det ikkje var snakk om noko koordinert angrep.
I dagane etter TV-debatten har Hoem vorte utsett for grov netthets, skriv Dagsavisen. I kommentarfelta ligg det grove karakteristikkar av Hoem, og dessutan hatprat, ønskjer om valdtekt og annan hets. Meldingane kjem både frå anonyme brukarar, falske kontoar og ekte menneske, ifølgje avisa.
– Må rekne med ein atskilleg tøffare tone
Ein del av hetsen kjem frå ei Facebook-gruppe som støttar og forsvarer Giske, men som ikkje har nokon direkte tilknyting til han. Dei anonyme administratorane har sagt at dei ikkje vil opptre som moralske vaktarar for Hoem og Støre.
– Når nokon legg opp til det sjølv, må dei også rekne med ein atskilleg tøffare tone, skriv administratorane.
Giske sjølv tek avstand frå personangrep og hets og seier dei er ein trussel mot demokratiet.
– Hets og personangrep gjer at mange kvir seg for å delta. Det rammer både politikarane og familiane våre, det har eg sjølv erfart. Den politiske debatten skal handle om liva til folk og om sak, ikkje om politikarar, skriv Giske til avisa.