Krisemåling for Ap: AUF-leiaren går ut mot Trond Giske


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg er ikkje ueinig i noko av det Trond seier. Men eg meiner Trond må anerkjenne at han er ein del av problemet med at mange synest det er vanskeleg å snakke om politikk.
Arbeidarpartiets historisk dårlege måling var tema for sendinga. I ei ny måling fekk partiet 16,9 prosent oppslutning.
– Treng ro

Trond Giske. Foto: Ap
Trond Giske måtte trekke seg som nestleiar i Arbeidarpartiet i januar 2018 i kjølvatnet av metoo. Det siste året har lokallaget hans Nidaros Sosialdemokratiske Forum vekse til det største i landet.
AUF-leiaren seier krisa i Arbeidarpartiet først og fremst handlar om politikk, og meiner partiet treng ro til å snakke om løysingane. Hoem kritiserer Giske for å bidra til uro, og for å gå i mot dei viktigaste sakene til AUF.
– Eg må innrømme som AUF-leiar at eg synest det er merkeleg at Trond no prøver å vere ein slags leiarskikkelse på venstresida.
Giske vil ha brei koalisjon
Trond Giske meiner diskusjonen er lite konstruktiv.
– Vi er både naturvernarar og industrifolk. Vi er pensjonistar, arbeidstakarar og byfolk. Vi er arbeidarar. Det er når vi er ein brei koalisjon som samlar oss om grunnleggjande sosialdemokratiske verdiar og snakkar kvarandre opp, det er då vi blir store, seier Giske, og legg til:
– Men om vi skal hakke på kvarandre og ta interne krigar, då blir vi små. Men vi må ta ein open diskusjon når vi har 16,9 prosent.

Statsminister Jonas Gahr Støre Foto: NTB Kommunikasjon/Statsministerens kontor
Støre: – Trur ho har mykje rett
Statsminister Jonas Gahr Støre støtta kritikken til Hoem i Politisk kvarter fredag morgon.
– Eg trur ho har mykje rett. Eg forstår det Astrid Hoem seier på vegner av unge menneske, men også mange andre i Arbeidarpartiet. Vi har ei ganske vond sak bak oss, og det er ikkje noko poeng å gløyme ho, sa statsministeren og Ap-leiaren, ifølgje VG.