Vil ha nynorsk McDonalds på Stord
Mållaget og ordføraren vil ha nynorsk på menyen når kjeda opnar i verdas største nynorskby. – Spennande tanke, seier McDonald’s.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil ha nynorsk McDonalds
I fleirspråklege land som Canada og Spania har McDonald’s menyane sine på to språk – høvesvis katalansk i Katalonia og kastiljansk i resten av Spania – og fransk i Quebec og engelsk i resten av Canada. Førebels er menyane i Noreg berre på bokmål.
Sist veke skapte snøggmatkjeda merksemd då dei meldte at dei for første gong har plukka ut ei nynorsk barnebok til det årlege hausttilbodet av bøker til barnemenyane deira.
Framtida.no stilte spørsmål til McDonalds om dei vil vurdera å innføra nynorsk i menyane sine i nynorske område og om dette vil vera aktuelt i verdas største nynorskby Stord, der McDonald’s opnar ein restaurant i november.
Kommunikasjonsdirektør Margaret Brusletto svarer dette:
– Når det gjeld nynorsk på menyane våre, er det ei sak me ikkje har tatt opp til vurdering. Det er ein spennande tanke når det gjeld Stord.
LES OGSÅ: Nynorske filmtitlar toppar Twitter
– Lovande
Liv Kari Eskeland (H), ordførar i Stord, meiner det vil vera aldeles strålande viss McDonald’s innfører nynorsk på restauranten sin.
– Me ønskjer at næringslivet bruker nynorsk, og deler kvart år ut ein pris til bedrifter som utmerkar seg med nynorskbruken sin. Eg synest det ville vore veldig stas om restauranten deira vil bruka nynorsk, seier ho til Framtida.no.
Hege Myklebust, kasserar i Stord Mållag og tidlegare leiar i Noregs Mållag, synest signala frå McDonald’s er lovande.
– Det er viktig at nynorsken kan brukast til alt og på alle område. Kva er vel meir naturleg enn at McDonald’s har menyen sin på nynorsk på Stord? spør ho.
– Me vil oppmoda dei til å bruka nynorsk og blir veldig glade om dei gjer det, held ho fram.
Myklebust synest McDonald’s signaliserer varige og verdifulle verdiar når dei gjev ut ei nynorsk barnebok saman med barnemenyane deira.
LES OGSÅ: Sta nynorskleiar
– Betre med hamburgarar
Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, seier McDonald’s allereie har tatt første steget for å byggja ned språklege fordommar i Noreg når dei deler ut ei nynorsk barnebok.
– Om dei byter ut hamburgere med hamburgarar, vil det vera å ta folk i nynorskområda på alvor, seier ho til Framtida.no, og legg til at McDonald’s har vore flinke til å ta lokale språklege og andre omsyn andre stader i verda.
Ho viser til at McDonald’s fekk Målblomen i 1999 for ein reklamekampanje på dialekt.
– Om dei innfører nynorsk på menyen på Stord, vil det gi dei mykje positiv merksemd, seier Marit Aakre Tennø.