McNynorsk på menyen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blant dei åtte bøkene som i desse dagane følgjer med i Happy Meal på McDonald's, er den nynorske boka "Pinne, Grisen og vesle venen". Opplaget som skal distribuerast gjennom restaurantane er på om lag 25.000 bøker, ei seksdobling av førsteopplaget på 4000.

Totalt er det nesten 200.000 barnebøker som skal distribuerast gjennom McDonald's i Noreg i perioden, og kommunikasjonsdirektøren er glad for at det i år står ei nynorsk barnebok på menyen.

– Våre 72 restaurantar er spreidd over store delar av landet og bøkene bør reflektere variasjonen blant kundane våre. Når om lag 600.000 nordmenn har nynorsk som hovudmål, er det heilt naturleg at vi har med ei barnebok skriven på nynorsk, seier Margaret Brusletto, kommunikasjons- og personaldirektør i McDonald's Norge.

Målrørsla gler seg
Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, gler seg over å kunne tilby ei nynorsk barnebok gjennom samarbeidet.

– Det er ei ære at "Pinne, Grisen og vesle venen" er innlemma i prosjektet, og kan no ut til og glede ei stor målgruppe over heile landet, òg til folk som ikkje normalt oppsøkjer nynorsk litteratur. For oss er dette eit viktig ledd i arbeidet med å fjerne fordomane mot nynorsk, seier Helgøy.

– Det er eit imponerande medvite val av McDonald's, seier leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø. Å lesa og sjå nynorsk er viktig for alle born, understrekar ho.

– McDonald's styrkjer nynorsk barnelitteratur, byggjer opp velvilje til seg sjølv, og viktigast av alt: synleggjer nynorsk på ein kommersiell kvardagsarena. Alle tener på dette, seier Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom.

QUIZ: Kven skreiv boka?

Samarbeid
Kampanjen blir for gjennomført fjerde året på rad i samarbeid med Föreningen Läsrörelsen under mottoet "Gje borna dine eit språk". Elisabet Reslegård, formann i samskipnaden håpar no at foreldre som ikkje bruker nynorsk til dagleg vil blåse støv av nynorskkunnskapane.

– Boka er skrive for ei målgruppe som normalt ikkje les sjølv. Difor håpar vi foreldre vil freiste seg på å lese boka slik han er skrive, og på den måten bidra til å spreie positive assosiasjonar rundt nynorsken, seier Elisabet Reslegård.

Den opphavlege boka "Kotten, Grisen og lilla vännen" er skrive og illustreret av den svenske forfattaren Lena Anderson og omsett til norsk av Marit Tusvik.

Les siste boknytt her!