Klimaministeren: Klimakutta kan skje i samarbeid med EU

I Noregs nye klimamål ligg det ei opning for at utsleppskutt kan takast utanfor Noregs grenser, ifølgje klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På pressekonferansen torsdag der det nye målet vart presentert, stadfesta han at det ligg ei slik opning i det norske målet som blir meldt inn til FN.

– Det er poenget med felles oppfylling, sa klima- og miljøministeren.

Barth Eide seier at klimamåla til Tyskland og Danmark fungerer på same måte.

– Nokre norske utsleppskutt kan bli utløyste i Danmark, og nokre danske utsleppskutt kan bli utløyste i Noreg.

Tett samarbeid

Eit utsleppskutt på 55 prosent innan 2030, samanlikna med nivået i 1990, er Noregs nye, skjerpa offisielle utsleppsmål. Det blir meldt inn til FN i tråd med Parisavtalen.

Noreg har eit tett klimasamarbeid med EU, og utsleppsmålet skal nåast i samarbeid med EU og Island.

– Det viktigaste er at vi bidreg til utsleppsreduksjonar som svarer til 55 prosent i forhold til der vi var i 1990, seier Barth Eide.

– Og så har vi ein tilleggsambisjon om at vi skal prøve at det blir oppnådd i Noreg, legg han til.

I tillegg til utsleppsmålet som blir meldt inn til FN, har regjeringa fastsett eit omstillingsmål. Her er ambisjonen å redusere Noregs eigne utslepp med 55 prosent.


Frå demonstrasjon mot Wisting-feltet 28. oktober 2022. Foto: Eirik Tangeraas Lygre