Greta Thunberg droppar klimatoppmøtet
Den svenske klimaaktivisten meiner klimatoppmøta ikkje fungerer.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– COP-ane vert hovudsakleg brukte som ei mogelegheit for leiarar og maktpersonar til å få merksemd ved å bruke mange ulike former for grønvasking.
Det sa Greta Thunberg (19) under eit arrangement i London, i samband med at Klimaboka vert lansert. Det melder The Guardian.
Klimaaktivisten annonserte at ho ikkje kjem til å delta på det komande klimatoppmøtet i Egypt.
Meiner klimatoppmøta ikkje fungerer
Thunberg fortalde at det var fleire årsaker til at ho uteblir, og peika på at rommet for sivilsamfunnet under årets klimatoppmøte er svært avgrensa.
19-åringen meiner klimatoppmøta oppmodar til gradvise endringar, heller enn å endre heile systemet:
– Så som det er, fungerer ikkje COP-ane, med mindre vi brukar dei som ei mogelegheit til å mobilisere, sjølvsagt.
- Les også om kritikken i forkant av COP27: – Frittalande, sjølvstendige, kritiske røyster har stort sett vorte stilna