Britiske George (25) om fracking: – Det er framtida til dei unge dei kjem til å øydeleggja

Magnus Rotevatn
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Liz Truss har ikkje sete lenge som statsminister i Storbritannia, men allereie har ho blitt særs kontroversiell. 

Eit såkalla minibudsjett fekk pundet til å stupa. Og Truss blei nøydd til å gje finansministeren fyken.

No spekulerer britiske medium i hennar avgang. 

For den britiske miljørørsla har Truss si tid som statsminister vore full av vonbrot. Særleg fordi ho har opna for fracking – ein omstridd måte å vinna ut petroleum på.

Kvifor er fracking utskjelt?

Fracking er ein kontroversiell måte å utvinna olje og gass på. Metoden inneber å pumpa inn ei blanding av vatn, sand og andre kjemikaliar inn i berggrunnen. Dette får berget til å sprekka opp – som gjer det lettare å pumpa opp olje.

Miljørørsla har vore særleg kritiske til fracking. Ein har peika på faren for at drikkevass­kjelder og jorda rundt utvinningsområdet kan bli forureina. Utsleppa av klimagassar er òg store.

I Storbritannia har mange frykta at fracking skal føra til jordskjelv. 

Miljøkonsekvensane er ei årsak til at fracking er forbode i mange land.

Forbod i 2019

Statsråd Simon Clarke. Foto: Richard Townshend

I 2019 kunngjorde den britiske regjeringa eit forbod mot fracking. No har vinden snudd.

Etter at Liz Truss tok over regjeringskontora har ho kunngjort at forbodet vil bli oppheva. Grunngjevinga er den alvorlege energisituasjonen i Europa. Som i Noreg og resten av Europa er energiprisane i Storbritannia skyhøge.

– Me må vera pragmatiske. No som Putin brukar gass som våpen, treng me ganske kjapt så mykje gass som mogleg, uttalte statsråd Simon Clarke til BBC.

Dette argumentet imponerer ikkje miljørørsla.

George Carrew-Jones frå organisasjonen UK Youth Climate Coalition meiner den noverande energisituasjonen blir framstilt feil av regjeringa. Carrew-Jones påpeiker at det vil ta lang tid før ein kan ta i bruk brensel produsert av fracking.

– Det skadar klimakampen. Og det betyr ingenting for dei som no er fattige grunna energimangelen, skriv Carrew-Jones i ein e-post til Framtida.no.

I hans auge er forslaget frå regjeringa ein distraksjon.

– Det er ei forsømming at det i løpet av sommaren ikkje blei gjort noko for å redusera energietter­spurnaden, som til dømes å etterisolera hus. At styresmaktene heller blir distraherte med fracking, som berre rike olje- og gassaksjonærar har ynskja seg, er utruleg frustrerande.

Uroa for konsekvensane

Carrew-Jones trur at faren for jordskjelv kjem til å få mest merksemd. Sjølv er han og UK Youth Climate Coalition er særleg uroa for dei verknadane færre har oversikt over.

– Eg er mest bekymra for konsekvensane som det tek lenger tid før me vil merka. Døme kan vera forureining av grunnvatn eller skadar på det lokale økosystemet.

Klimagassutsleppa er også høge. Då forskarar frå University of Manchester i 2019 målte utslepp frå eit fracking-anlegg i Blackpool, oppdaga dei utslepp av 4,2 tonn metan i løpet av seks dagar. Det svarer til klimagassutsleppa frå 142 fly som flyr tur-retur over Atlanterhavet.

– Kva rett har regjeringa til å halda fram med å forureina og skada viktige naturområde i Storbritannia utan noko demokratisk mandat? Det er framtida til dei unge dei kjem til å øydeleggja, summerer Carrew-Jones opp.


Statsmeteorolog Kristian Gislefoss har ei fiktiv vêrmelding for august 2050. Skjermdump: NRK