– Viktig siger for asylsøkande born

No vil ikkje einslege asylsøkande born lenger bli sendt tilbake til det første europeiske landet dei har søkt asyl i.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

PRESS er glade for den nye lovinstruksen frå EU-domstolen som gjer at Noreg utelèt born frå Dublin-forordninga.

– Dette er ein viktig siger for asylsøkande born, og noko PRESS har kjempa for å få ein slutt på sidan 2008. Vissa om at sakene blir handsama i Noreg vil vonleg bidra til at færre born forsvinn frå asylmottak, seier leiar i PRESS Andrea Sjøvoll. PRESS er ungdomsorganisasjonen til Redd Barna.

Rapporten «Savnet», som PRESS lanserte tidlegare i år, viser at 70 prosent av borna som forsvann frå norske asylmottak mellom 2008 og 2012 hadde Dublin-avslag, og venta på å bli sendt tilbake til det første landet dei kom til i Europa.

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

– PRESS har lengje uttrykt uro for at Dublinavslaga driv borna ut på ei ny flukt, eller til å gå under jorda i Noreg, seier Sjøvoll.

– Å få slutt på Dublinreturar av einslege born har difor vore eit av PRESS sine fem krav til den nye regjeringa, fortset ho.

– Noreg har betre høve til å ivareta desse borna enn yttergrenselanda som opplever store utfordringar i sine asylsystem. Ved å stoppa Dublinreturar av einslege born er me med på å letta trykket i resten av Europa.