Ei av fem jenter fryktar vald og trugslar når dei er politisk aktive

Jenter vel i visse høve å halda seg unna politikk for å unngå hets, viser ein ny rapport frå Plan International.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Generalsekretær i Plan International Norge, Kari Helene Partapuoli. Foto: Astrid Hexeberg/Plan International Norge

– Me er forferda over at så mange jenter og unge kvinner i verda ikkje kan delta eller engasjera seg i politikk. Konsekvensen er at dei verken blir høyrde eller tek avgjerder som påverkar liva deira, seier Kari Helene Partapuoli, generalsekretær i Plan International Norge i ei pressemelding.

State of the World’s Girls er ein statusrapport som kjem ut årleg og greier ut om korleis jenter rundt om i verda har det.

29.000 jenter frå 29 land har delteke i undersøkinga.

Les også: Kvinnelege ungdomspolitikarar har mindre lyst til å bli ordførarar og statsminister

Fleirtalet bryr seg om politikk

I rapporten kjem det fram at ei av tre jenter opplever at dei ikkje kan engasjera seg i politikk. Ei av fem har blitt personleg rådd frå å engasjera seg for å ikkje bryta si tradisjonelle rolle i visse delar av verda.

Rapporten viser òg at fleirtalet av jentene som har blitt spurde bryr seg betydeleg om politikk.

97 prosent av dei 29.000 jentene meiner å delta i politikk er viktig. 31 prosent opplever at dei ikkje kan delta.

– Me ser eksempel på at dei som ytrar meininga si må bøta med livet, eller opplever andre former for hemn, noko me ikkje kan akseptera. Derfor må verdssamfunnet legga til rette for at jenter trygt skal kunna seia meininga si og delta det avgjerder blir tekne. Samstundes må me vedkjenna at dette dreier seg om å dela makt, og derfor må me tora å stå saman med jentene i dei tøffe kampane dei må kjempa, seier Partapuoli.


Les også: Camilla Maria Brekke (22) er varaordførar

Camilla Maria Brekke smilar med vatn i bakgrunnen.

Camilla Maria Brekke (22) er ny varaordførar i heimkommunen Holmestrand. Foto: Privat