Kunnskapsministeren kallar inn partane i lærarstreiken
Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) har kalla inn partane i lærarstreiken til eit møte i dag klokka 14.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det stadfestar Utdanningsforbundet overfor Aftenposten.
Rundt 8.300 lærarar er tekne ut i streik over heile landet. Streiken har gått føre seg sidan byrjinga av juni, men vart for alvor trappa opp rundt skulestart i august.
Konflikten synest å vere fastlåst. Riksmeklar Mats Ruland har hatt kontakt med KS og lærarorganisasjonane Utdanningsforbundet, Norsk Lektorlag og Skolenes landsforbund, og det har også vore møte mellom partane. Men det har ikkje lykkast dei å finne ei løysing.
- Les innlegget om lærarstreiken: «Dette går heilt klart ut over elevar sin psyke og sosiale liv»
Vil ikkje kommentere tvungen lønnsnemnd
Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) kallar no partane inn til møte fredag klokka 14. Ho har bede statsforvaltarane om å rapportere inn til departementet om korleis streiken rammar barn og unge.
Det er arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) som formelt har ansvar for eventuelt å gripe inn med tvungen lønnsnemnd. Ho er tilbakehalden med å kommentere saka.
– Det er partane sitt ansvar å gjennomføre konflikten, og gjennomføre han på ein mest mogleg skånsam måte spesielt for sårbare elevar. Det er deira ansvar å finne ei løysing på den konflikten, seier Mjøs Persen til TV 2.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet kan ikkje stadfeste overfor NTB om Mjøs Persen skal delta på møtet.
Det har komme mange bekymringsmeldingar dei siste vekene. Mellom anna har Barneombodet, Foreldreutvalet og Elevorganisasjonen gitt uttrykk for at streiken må få ein slutt.