Endå fleire elevar blir ramma – lærarstreiken blir trappa opp i dag
Til saman 8.200 lærarar over heile landet er i streik når arbeidskonflikten får ei ny opptrapping i dag.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Utdanningsforbundet tek ut 1.800 medlemmer til. No blir også elevar i Askøy, Alver, Øygarden og Hustadvika direkte ramma av streiken.
Lærarstreiken byrja så vidt i juni, men tok seg opp for alvor rundt skulestart i august. Etter kvart har streikeuttaket spreidd seg til heile landet – med unntak av Oslo, som er eit eige tariffområde. Skuleåret er på 190 dagar. Nokre elevar har no mista 10 prosent av undervisningstida.
- Les også: Kort forklart: Dette er krava i streiken
– Veldig låst
Søndag formiddag var partane i møte hos Riksmeklaren, men etter to timar valde Utdanningsforbundet å bryte. Årsaka var at dei meiner arbeidsgivarsida KS ikkje ønskte å komme dei i møte.
– Dei viser ingen teikn til rørsle, det er veldig låst, sa leiar Steffen Handal, som no fryktar det går til tvungen lønnsnemnd.
KS var derimot klare på at dei har strekt seg langt i konflikten og bad lærarane komme tilbake forhandlingsbordet. Riksmeklar Mats Ruland sa samtidig at det ville bli nye møte om kort tid.
Presset aukar
Den siste veka har kravet om at det må bli slutt på streiken, auka i styrke.
- Foreldreutvalet for grunnskulen har bede regjeringa gripe inn med tvungen lønnsnemnd.
- Barneombodet har gitt uttrykk for bekymring. Ombodet har bede Kunnskapsdepartementet skaffe oversikt over korleis streiken påverkar rettane til elevane.
- SOS-barnebyer meiner psykisk helse må takast med i vurderinga om liv og helse er trua.
- Mental helse ungdom og Elevorganisasjonen har bede regjeringa om å komme på banen.
- Nettavisen skreiv på leiarplass at det er på høg tid at staten grip inn med tvungen lønnsnemnd i den «meningsløse utmattelseskrigen». VG kallar i ein kommentar streiken for «uforsvarlig».
- Medium både lokalt og nasjonalt har intervjua unge som mistar undervisning. Fleire gir uttrykk for bekymring for korleis streiken påverkar skulekvardagen i dag, men også for korleis manglande undervisning vil slå ut seinare – til dømes på eksamen.
Rom for skjønn
I utgangspunktet er det ikkje naturleg å bruke tvungen lønnsnemnd for å avbryte ein lærarstreik, seier seniorforskar Åsmund Arup Seip ved forskingsstiftinga Fafo.
Regjeringa kan gripe inn når liv og helse står i fare eller vitale samfunnsinteresser står på spel.
– Det kan også vere eit omsyn til at konflikten ikkje lèt seg løyse på andre måtar. Det kan vere ei medverkande årsak, eit tilleggselement, seier Seip til NTB.
Det som er spesielt kinkig når lærarar streikar, er at to grunnleggjande rettar står opp mot kvarandre: retten lærarane har til å gå til gå til streik i ein arbeidskonflikt og retten elevane har til opplæring.
Klassisk problemstilling
Ei klassisk problemstilling, kommenterer seniorrådgivar Kirsten Kolstad Kvalø ved Noregs institusjon for menneskerettar.
– Det er vanskeleg å svare konkret på når det blir slik at den eine retten blir vekta høgare enn den andre, seier ho.
Kvalø viser til at regjeringa har stor skjønnsmessig margin når ho skal avgjere om ho skal å gå inn og avslutte streiken med lønnsnemnd.
Den europeiske menneskerettsdomstolen har tidlegare sagt at ein ikkje kan setje klare grenser for kva som utgjer ein trussel mot samfunnsinteresser.
– Her kan ein spørje om barns rettar er under press på ein sånn måte at ein må gjere noko, seier Kvalø.