Skjerpar krava til klede og tekstilar
Fleire krav til produktdesign, auka vekt på kvalitet og levetid og forbod mot dumping av uselde klede – det må til for at klede skal få Svanemerket framover.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Svanemerket kjem no med styrkte krav til tekstilprodusentane fordi omstillingsbehovet for bransjen er akutt, seier administrerande direktør Cathrine Pia Lund i ei pressemelding.
– Både europeiske og norske styresmakter krev ein meir berekraftig og sirkulær produksjon. No er det viktig at bransjen tek utfordringa og bruker dei verkemidla som finst for å gjere endringsprosessen enklare.
- Les også: Slik påverkar klesindustrien verda
I tillegg til dei forsterka krava til produktdesign, må produsentane no måle kor mykje mikroplast som blir spreidd frå syntetiske tekstilar. I tillegg får produsentane eit forbod mot å brenne og dumpe uselde klede.
Svanemerket er Nordens offisielle miljømerke og er oppretta av styresmaktene for å gi forbrukarar og innkjøparar truverdig miljøinformasjon. Berre produkt som oppfyller krava blir Svanemerket.
Vil du ta vare på kleda dine lengst mogleg? Her er seks tips til deg som vil reparere kleda dine sjølv!