Halvparten av nordmenn vil forby elsparkesykkel på fortau

I ei fersk spørjeundersøking svarer 52 prosent at det bør innførast forbod mot å bruka elsparkesykkel på fortau. Høgast del finn ein i Oslo.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette kjem fram i ei undersøking, som er gjennomført av YouGov for Tryg Forsikring og Trygg Trafikk like før påske.

Det kjem i tillegg fram at forslaget om forbod får minst oppslutnad i aldersgruppa 18 til 29 år med 34 prosent, medan heile 65 prosent i alderen 60+ støttar eit forbod.

– Dette er eitt av forslaga til ytterlegare innstramninger til dei nye reglane for elsparkesyklar som truleg blir innførte i mai i år. At over halvparten ønskjer eit slikt forbod er ikkje overraskande med tanke på at konfliktnivået rundt elsparkesyklar på fortau har vore høgt lenge. Samtidig viser undersøkinga at delen som ønskjer forbod er høgast i Oslo der det har vore mange ulykker og skader, og også ei rekkje episodar der elsparkesyklistar har køyrt på fotgjengarar på fortauet, seier Torbjørn Brandeggen, kommunikasjonsrådgivar i Tryg Forsikring i ei pressemelding.

Nye reglar

Mange land i Europa har allereie innført eit forbod mot køyring av elsparkesykkel på fortau.

I januar vart det kjent at regjeringa strammar inn reglane for elsparkesykkel i løpet av våren. Det blir promillegrense på 0,2, aldersgrense på 12 år og hjelmpåbod for barn under 15 år.

Geografisk er delen som ønskjer forbod høgast i Oslo med 55 prosent, og lågast i Trøndelag og Nord-Noreg med 47 prosent.

Slik er dei nye reglane:

  • Promillegrense på 0,2.
  • Elsparkesykkel blir omklassifisert frå «sykkel» til «motorvogn».
  • Det blir innført nedre aldersgrense på 12 år.
  • Det blir påbode med hjelm for barn under 15 år.

Illustrasjonsfoto: David Emrich on Unsplash