Lever inn den gamle mobilen din – han er ei mineralgruve
Gamle mobiltelefonar og nettbrett inneheld viktige mineral og metall som det no er mangel på. Difor oppfordrar Norsirk oss til å levere inn dei vi har liggjande heime.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi sel 1,7 millionar mobiltelefonar og nettbrett i året i Noreg. Om vi hadde levert inn dei mobilane vi hadde heime, ville vi ha vore sjølvfinansierte med mineral og metall til desse, seier dagleg leiar Stig Ervik i Norsirk til NRK.
På grunn av krigen i Ukraina er det mangel på desse minerala som brukte til produksjonen av nye mobiltelefonar.
Samstundes viser to ulike undersøkingar, gjort av Norsirk og Fremtiden i våre hender, at nordmenn har rundt 10 millionar gamle telefonar som dei ikkje brukar, liggjande rundt omkring i heimen.
Norsirk innrømmer at dei kanskje ikkje har vore gode nok til å marknadsføre at nordmenn bør levere inn dei gamle telefonane og nettbretta. Det skal dei no gjere noko med, og Ervik presiserer at også skikkeleg gamle telefonar kan leverast inn.
– Ein Nokia 3210 har faktisk meir av enkelte mineral i seg, både av kopar og meir gull og sølv. Smelteverdien på ein slik kan faktisk vere høgare enn ein ny, seier han.
Den gamle mobiltelefonen din kan du levere inn til alle forhandlarar som sel tilsvarande produkt. Forhandlarane har nemleg plikt til å ta imot EE-avfallet og sikre tilfredsstillande oppbevaring til det vert henta av eit returselskap, som Norsirk.
Les også: Kjøpe nytt eller reparere: – Det er umogleg for forbrukaren å ta berekraftige val