Vil dele elevar etter nivå
Halvparten av norske skuleleiarar vil dele elevane etter fagleg nivå.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ny forsking frå Institutt for lærarutdanning og skuleforsking ved Universitetet i Oslo, syner at halvparten av norske skuleleiarar ønskjer å dele elevane etter fagleg nivå i enkelte fag. Det melder UiO på sine nettsider.
Både sterke og svake elevar har krav på tilpassa opplæring. Samstundes er det ikkje lovleg å dele elevar inn i varige, faste grupper etter nivå i norsk skule.
LES OGSÅ: Forskar slaktar skuletest
Lojale rektorar
– Vår studie syner at over 80 prosent av rektorene er lojale til lovverket, seier professor Jorunn Møller til UiO. Ho leier forskingsprosjektet.
Skuleleiarar i fem fylke frå alle landsdelane har delteke i undersøkinga. Både grunnskule og vidaregåande skule er med i studien.
Målet har vore å undersøke korleis skuleleiarane tolkar og handhevar opplæringslova.
LES OGSÅ: Krevjande skulekvardag
– Det er rektor ved den einskilde skulen som har ansvaret for å omsetje lovar og forskrifter til praksis, seier Møller.
Omkring halvparten av rektorane i undersøkinga meiner lova om rett til tilpassa opplæring er uklår.
– Lova opnar for ein viss grad av skjønn. På den eine sida finst der skuleleiarar som set pris på spelerommet. På den andre sida finst der rektorar som vil ha eit klårare regelverk, seier Møller, som trur haldningane vert påverka av leiarane sin tryggleik og erfaring som leiar.
Meir merksame
Skulane får stadig fleire klagar på manglande tilpassa undervisning. Sakene krev tid og ressursar. Noko av årsaka til auken er at elevar og føresette har blitt meir merksame på eigne rettar.
– 40 prosent av skulane svarar at dei ikkje har eit formelt opplæringsopplegg knytt til opplæringslova. Eg trur skulane hadde spart tid og pengar dersom dei hadde utvikla dei tilsette sin kompetanse kring lova. Det er læraren som møter elevane i undervisninga. Då held det ikkje at rektor kjennet lovverket, seier Møller til UiO.
LES OGSÅ: – Ikkje ver redd for døve!