Ella Marie får pris for å ha synt sivilt mot i kamp mot urettferd
Ella Marie Hætta Isaksen får årets Zola-pris for å uredd stå i debattar og styrke samisk identitet og tilhøyrsle for ein yngre generasjon samar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Artist og forfattar Ella Marie Hætta Isaksen mottek Zola-prisen.
Prisen, som har vorte delt ut sidan 1999, går til enkeltpersonar som har vist stort sivilt mot i kamp mot urettferd, for menneskerettar og demokrati.
– Isaksen har med heile sitt verke vorte ein sterk ambassadør for den unge generasjonen av samar. Ho ser det også som ei oppgåve å oppdra majoritetsbefolkninga, seier styreleiar Karl Eldar Evang i ei pressemelding og held fram:
– Ho har sett skarpt fokus på korleis den rasistisk baserte fornorskingspolitikken har skada samisk språk og kultur, og korleis han har ramma mange generasjonar samar i deira daglegliv.
- Les intervjuet med Ella Marie Hætta Isaksen: – Eg håpar eg kan bidra til eit skifte som gjer at samisk ungdom ikkje i like stor grad må vere leksikon for andre.
Styrkar samisk stoltheit og tilhøyrsle
I grunngjevinga står det skrive at Isaksen på særleg uredd vis har fronta og stått i debattar kring spørsmål som angår den samiske befolkninga, mellom annna kampen mot gruveslam i Repparfjorden.
«Samstundes er ho gjennom sitt kunstnarskap, sin musikk og si bok Derfor må du vite at jeg er same ein viktig formidlar av samisk kultur og stoltheit, og styrkar dermed samisk identitet og tilhøyrsle for ein yngre generasjon samar», held grunngjevinga fram.
Då Framtida.no intervjua ho om bokutgjevinga, fortalde Isaksen at ho har via livet sitt til å kjempe for den samiske kulturen.
– Det einaste eg ber om er at når eg vert gammal, så kan eg sjå at mine barn og barnebarn har ein sjanse til å kunne leve vidare i kulturen eg elskar, sa ho og heldt fram:
– Det er trist at vi på mange måtar har så låge krav. Vi vil berre få eksistere vidare.
- Les også om kven som vann den mindre gjeve Årets Gullbarbie: – Heilt utruleg at det går an å halde på slik i 2022
Viktig med unge, vågale stemmer
Sametinget gratulerer Ella Marie Hætta Isaksen med prisen, og understrekar kor viktig det er å ha unge, vågale stemmer som kjempar for samiske rettar og som aktivt deltek i samfunnsdebatten.
– Denne prisen viser at det nyttar å stå på, vere uredd og samstundes finne gode eller rette metodar for å formidle om samiske saker til større publikum, seier sametingspresident Silje Karine Muotka (NSR) i ei pressemelding.
- Les også meiningsinnlegget: «Dette er ting eg som same er ekstra stolt av i dag»