Kjempar for betre skular i Sør-Afrika: – Håpar vi på sikt ikkje trengst

Masechaba Ntsane og Stacey Jacobs har reist langt for å utveksle erfaringar med Elevorganisasjonen. Saman skal dei jobbe for verdige og gode skulemiljø i Sør-Afrika.

Einar Nygaard
Publisert

– Vi er her for å samarbeide med OD for å heve standarden på Sør-Afrikanske skular, for dei er ikkje slik dei burde vere, seier Masechaba Ntsane (25) til Framtida.no.

Saman med Stacey Jacobs er ho på besøk i Noreg for å vitje medlemmane i Elevorganisasjonen. Ntsane og Jacobs representerer grasrotorganisasjonen Equal Education, som får støtte av årets Operasjon Dagsverk.

Masechaba Ntsane er nestleiar i Equal Education sitt nasjonale råd. | Foto: Einar Nygaard

– Vi er veldig spente på å dele kunnskap med ungdomane i Elevorganisasjonen. Det er ikkje ofte vi møter ein organisasjon som gjer det same som vi gjer i eit anna land, eller til og med i vårt eiga land, seier Ntsane.

– Vi håpar verkeleg at vi, ved å kome hit til Noreg, kan utveksle idear for korleis vi kan formidle problema elevane i Sør-Afrika står overfor.

Livsfarlege forhold

Årets OD-prosjekt har som mål å styrke infrastrukturen på sørafrikanske skular. Fleire skular har store manglar, som manglande tilgang på pultar, utstyr, eller sanitære toalett.

– Det er elevar som går på skular med toalett som i praksis berre er hol i bakken. Og når det ikkje er god hygiene eller tilgang til vatn, er elevar heime frå skulen når dei har mensen, til dømes. Då kan det vere vanskeleg å kome tilbake og ta igjen det dei har gått glipp av, for det er ikkje tilrettelagt for det, seier Jacobs.

Toaletta Jacobs snakkar om, har vore forbodne i skular sidan 2013, men er framleis vanlege ifølge Amnesty International. I tillegg til å vere uhygieniske, kan dei og vere livsfarlege.

Ntsane fortel om ein gut som heitte Michael, frå Limpopo-provinsen, der Equal Education er organisert.

– Han var berre fem år gammal, eg trur det var den fyrste veka med skule. Så måtte han på do, og kom aldri tilbake til klasserommet. Han hadde falt ned i holet, og drukna. Og det er ikkje berre han. Somme veit vi ikkje ein gong namnet på, for slike historier kjem ikkje alltid i avisa. Livet og verdigheita til elevane er i fare, seier Ntsane.

Må sjå langsiktig

Jacobs seier at konteksten og bakteppet til prosjektet er vanskeleg. I Sør-Afrika kuttar ein i velferdsutgifter og nyttar stadig mindre pengar per elev.

– Det påverkar dei mest utsette lokalsamfunna og vanskelegstilte elevar. Det er umogleg å trivast når ein blir forlaten av ei regjering som ikkje prioriterer læringa di, seier Jacobs

Ntsane meiner myndigheitene jobbar hardt for å få folk til å tru at koalisjonsregjeringa gjer ein god jobb, når det ikkje alltid stemmer. Ho seier at sjølv om det på nokre skular har blitt betre, er det framleis skular som har store manglar.

Stacey Jacobs jobbar med forskning og research for Equal Education. | Foto: Einar Nygaard

– Det er veldig frustrerande, demotiverande, skuffande, og mange ord eg ikkje veit korleis eg skal seie. Men det er og difor vi held fram med å kjempe, for når vi står saman, har vi makt til å halde myndigheitene ansvarlege. Og når vi får igjennom noko, er det veldig motiverande. Det varmar hjartet, og får ein til å tenkje at kanskje, om ikkje i år, eller dette tiåret, men eventuelt, vil systemet endre seg ein siger av gongen, seier ho.

Jacobs seier det handlar om å sjå det langsiktige perspektivet.

– Då eg kom inn i Equal Education, forventa eg å sjå raske endringar. Men etter kvart har eg forstått at ein må tenke fram i tid. Problema er så djuptgåande at vi ikkje kjem til å få resultat i morgon. Kvar dag er eit lite bidrag mot systemisk endring, og å ha ei rolle i det er det som er viktig for meg, seier ho.

Håpar på reell endring

– Håpet vårt for dette prosjektet er at vi kan halde myndigheitene ansvarlege. Vi håpar og å sjå konkrete endringar på skulane, og at vi på sikt kan sjå eit likt, rettferdig utdanningssystem. Eg håpar at vi om kanskje 20 år ser ei reell systemisk endring, påverka av arbeidet vi gjer no saman med OD. Vi er ganske håpefulle for framtida.

Jacobs seier ho håpar dette prosjektet kan bekrefte makta unge har, og vise verdien av massemobilisering og organisering.

– Og så håpar eg på sikt at vi blir kvitt ulikskapen som gjorde at det blei et behov for Equal Education. Vi har så mange flinke folk, og det er leiarar her som ville vore eksepsjonelle andre stader. Eg håpar vi kan kome dit at ein ikkje treng Equal Education meir.