Hjelper romfolk – i Romania
Kirkens Nødhjelp startar hjelpearbeid i Romania, i område der mange av romfolka som kjem til Noreg for å tigga, bur.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kirkens Nødhjelp trur mange ville valt å bli heime framfor å reisa utanlands. Dette vil vera særleg viktig for barna, som treng stabilitet, skulegang og sosial tryggleik, understrekar organisasjonen.
– Vi vil støtta arbeidet til romfolket med å sikra at dei grunnleggjande rettane deira blir tekne vare på og at dei kan bli ein større del av arbeidsmarknaden i Romania, seier generalsekretær Anne Marie Helland.
LES OGSÅ: – Vi bør ikkje gje til tiggarane
Jaga rundt i Europa
– Det å bli jaga Europa rundt er verken ønskjeleg eller tenleg for nokon partar. Erfaringa vår at dei aller fleste menneske i heile verda ønskjer å kunna bu der dei kjenner seg heime, der dei har røter, held ho fram.
Kirkens Nødhjelp startar mellom anna arbeid i landsbyen Vaila Seaca, der dei fleste innbyggjarane ifølgje organisasjonen regelmessig reiser til Noreg for å tigga. Ved å betra tilhøva i landsbyen trur Kirkens Nødhjelp at mange vil velja å bli heime.
– Barna er håpet for landsbyen. Dei uttrykkjer eit klart ønske om å bryta ut av fattigdommen og har framleis draumar om betre liv, fortel generalsekretæren.
LES OGSÅ: EØS-pengar går til miljø, ikkje til fattige
Foreldra i Noreg
Tidlegare denne veka møtte NTB barna Narcis (6), Mario (5) og Ianis (9 månader) i byen Târgu Jiu. Mora og faren er i Oslo for å tigga, medan besteforeldra passar barna.
– Dei tener berre 100– 200 kroner om dagen. Sist dei sende pengar heim, var for éin månad sidan. Pengane brukar vi på mat til barna og mjølk til minsteguten, seier Secunda Holtea-Porumgita, bestemor til barna. (©NPK)