EØS-pengar går til miljø, ikkje fattige

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Størstedelen av EØs-midlane går til miljøprosjekt, skriv Vårt Land. No krev opposisjonen sterkare styring av EØS-midlane.

– Ein større del av potten bør gå til kampen mot fattigdom, seier Ine Marie Eriksen (H), leiar i Stortingets utanrikskomité til Vårt Land.

Som følgje av den reviderte EØS-avtalen, som sikrar norsk laks og andre varer tilgang til den indre marknaden til EU, byrja Noreg i 2003 å betala nesten to milliardar i året til økonomisk og sosial utjamning i Europa.

LES OGSÅ: Vil ha eigen EU-minister

20 prosent
Budsjettpostane «Miljøvern og miljøforvaltning», «klima og fornybar energi», «karbonfangst og lagring» og «grøn innovasjon» utgjer 40 prosent av midlane.

Budsjettposten «kompetansebygging og sosial utvikling» utgjer berre 20 prosent. Og posten handlar ikkje berre om sosial utvikling. Midlane blir brukte til å byggja opp byråkratiet i dei nye medlemslanda til EU, skriv Vårt Land.

No krev dei moglege regjeringspartnarane Høgre, KrF og Venstre at kampen mot fattigdom blir prioritert.

– Når vi no går inn i ny forhandlingsperiode, er det nødvendig med klarare prioritering av kva pengane skal gå til. Det er klart at vi må kanalisere dei mot konkrete tiltak for rombefolkninga, og arbeida mot fattigdom og diskriminering, seier Ine Marie Eriksen.

LES OGSÅ: – Vi bør ikkje gi til tiggarar

Forsvarar miljøprofil
Utanriksdepartementet forsvarar miljøprofilen til EØS-midlane.

– Støtte til miljø er støtte til arbeidsplassar, meiner Steinar Hagen, avdelingsdirektør i seksjonen til Utanriksdepartementet for Sentral-Europa og EØS-finansieringsordningane.

– Europa har store miljø- og klimautfordringar. Det er ein prioritet for Noreg og EU å finna felles løysningar på desse utfordringane. Mange prosjekt under miljø og kulturarv bidreg også til nye arbeidsplassar lokalt, til dømes klimatilpassingar, kulturminner, energieffektivisering, seier han.

– Styresmaktene må også gjennomføra miljøregelverk, og betre miljø, luftkvalitet og redusert forureining er viktig også for sosial utvikling og helse. Dette må sjåast i samanheng, seier Hagen. (©NPK)

QUIZ: Kva veit du om EU?