Bustadsiger for studentane
Regjeringa støttar bygging av 400 nye studentbustader i revidert statsbudsjett.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Velferdstinga i Noreg jublar for sigeren, og håpar dette tyder at målet om 3000 bustader i året vil bli oppnådd allereie til neste år.
Regjeringa løyver 100 millionar kroner til 400 nye studentbustader i revidert statsbudsjett som blir lagt frami neste veke. Det tyder at regjeringa støttar bygging av 1465 nye studentbustader i 2013.
– Me er veldig nøgde med tilskotet. 400 nye bustader betyr tak over hovudet for 400 studentar, men det lettar òg presset i den private leigemarknaden. Studentbustader gjer det lettare for alle som er på jakt etter bustad, seier Tone Vesterhus, leiar av Velferdstinget i Oslo og Akershus.
Velferdstinga i Noreg er interesseorganisasjonane til studentane i velferdsspørsmål i dei største byane i Noreg. Dei håpar tilskotta kjem der behovet er størst.
– Me treng fleire studentbustader i heile landet, men særleg i dei store studiebyene. Det er her presset i bustadmarknaden er størst og køane er lengst, seier Anna Gjertsen, leiar av Velferdstinget i Bergen.
LES OGSÅ: Vil setja fart på bustadbygginga
Studentane fører ein felles kampanje der dei krev 3000 studentbustader i året med 50 prosent statsstøtte.
– Det er ingen grunn til å kvile på laurbæra, men med dette er me godt på veg mot 3000 studentbustader i året. No må alle involverte fortsetja det gode arbeidet – me er ikkje i mål heilt enno, seier Alexandra Løvland, leiar av Velferdstinget i Trondheim.