Vil setja fart på bustadbygginga

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

– Oppgåve vår er å leggja til rette for at bygging kan skje på ein best mogleg måte. I tillegg skal me hjelpa dei som ikkje klarar seg på bustadmarknaden på eiga hand, seier statsråd Liv Signe Navarsete (Sp).

Fredag la regjeringa fram Bustadmeldinga. Der blir det føreslått å gjera det enklare og raskare å byggja – frå plan til ferdig bustad. Bustadplanlegginga i og rundt dei store byane skal også bli betre.

LES OGSÅ: Vil kommunane ta ubrukte tomter

Vil ha meir utleige
Regjeringa vil leggja til rette for tryggare buforhold for leigarar, og stimulera betre til utleigeverksemd.

– Leigemarknaden blir viktigare i åra som kjem, både for unge, arbeidsinnvandrar og andre som ynskjer å leige, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Regjeringa vil sende på høyring eit framlegg om å auke minstetida på tidsbestemte husleigekontraktar frå tre til fem år.

– Sjølv om mange som leiger bur godt, veit vi at ein del barnefamiliar flyttar svært ofte. To ekstra år kan bety mykje for einskilde familiar, seier Navarsete.

Mange kommunar treng fleire utleigebustader. Regjeringa vil vurdere korleis grunnlånet til Husbanken kan nyttast betre for å fremje gode og langsiktige utleigeprosjekt.

Les fleire saker om bustad-spørsmål her!

Tydelegare på startlån
Startlånet skal gjera det mogleg for også dei med langvarige bustad- og finansieringsproblem å kjøpa seg ein bustad. Regjeringa varslar ein ny nasjonal strategi for dei som ikkje har råd til å kjøpa eigen bustad.

– Me har både kunnskapen, viljen og verkemidla som trengst for å auke innsatsen overfor dei som sit nedst ved bordet. Me skal gjera meir av det me veit gjev resultat, seier Liv Signe Navarsete.

– Startlånet er ikkje ei ordning for dei som kan spara nokre år før dei får kjøpt seg ein bustad. Me skal hjelpa dei som fell utanfor, legg ho til.

Kva meiner du skal til for å byggja fleire bustader i Noreg?