Får ikkje unge til å jobbe med dei yngste

Stadig fleire unge vil bli lærarar, men dei vel seg bort frå dei minste barna, viser søkjartala til høgare utdanning.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ikkje jobbe med dei yngste

Etter fem år med massive kampanjar for å få ungdommen til å bli lærarar, har søkinga til lærarutdanninga totalt auka med nesten 60 prosent. Ein gledeleg auke totalt, men den interne fordelinga av søkjarar bekymrar, fastslo kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV), då ho måndag la fram tala for søking til høgare utdanning i år.

For medan søkinga til fag retta mot dei eldste elevane aukar, er det stadig færre ungdommar som vil jobbe i barnehagen eller i småskulen.

– At rekrutteringa av dei som skal jobbe med dei minste barna går ned, er alvorleg. For vi veit at grunnlaget du får i desse åra er så avgjerande for kva utvikling du får seinare, både som menneske og fagleg, seier Halvorsen til NTB.

LES OGSÅ: Forskar på dei minste

Lønn viktig
Årets tal viser at søkinga til barnehagelærarutdanninga (tidlegare førskulelærar) har gått ned med 18 prosent, og til lærarutdanninga for 1.– 7. trinn med 5,5 prosent.

Samtidig har søkinga til lærarutdanninga for 5. til 10. trinn auka med 6,1 prosent, og til den femårige integrerte lærarutdanninga med 15,12 prosent.

Halvorsen seier det blir viktig å vise ungdom kor viktige desse jobbane er for samfunnet.

– Her treng vi meir forsking på kor avgjerande dei første åra i eit menneskeliv er.

LES OGSÅ: Vestlandet vinn kampen om studentane

Ho ber Utdanningsforbundet og Kommune-Noreg samarbeide tettare for å auke søkinga. Ho roser dei kommunane som allereie har brukt det lokale handlingsrommet til å auke lønningane for barnehagetilsette, og seier lønn heilt klart er ein viktig faktor for høgare søkjartal.

Unio-leiar Anders Folkestad er samd. Han seier nedgangen i søkinga er illevarslande.

– Viktigare enn kampanjar er statusen til yrket. Det er dette kunnskapsministeren må sjå på for å få fleire søkjarar til studiet, seier han. Han påpeiker at barnehagelærarar er ei yrkesgruppe som kjem svært dårleg ut økonomisk.

KS-direktør Sigrun Vågeng er også bekymra.

– Vi er opne for ein dialog med staten om verkemiddel for stimulere til auka søking. Dette gjeld ikkje berre for barnehagelærarar, men også for andre yrkesgrupper kommunesektoren vil ha særleg behov for i tida framover, seier Vågeng.

LES OGSÅ: Barnehageborn synest dei vaksne er for travle

Mastergrad
Venstres leiar Trine Skei Grande seier tala viser at det må setjast ein klar tidsfrist for når alle lærarutdanningar skal gjerast om til ein femårig mastergrad.

– Tida er overmoden for det, seier ho.

– At det er søkinga til den femårige lærarutdanninga som aukar mest av alle utdanningane frå i fjor til i år, gjer at dei raudgrøne ikkje lenger kan oversjå dette, seier ho.

Også Høgres utdanningspolitiske talsmann Svein Harberg meiner tala viser at dagens fireårige lærarutdanning for grunnskulen må gjerast om til ei femårig lærarutdanning på masternivå.

SV og Ap har tidlegare sagt at dei ønskjer ei femårig utdanning på sikt.

– I første omgang vil vi måtte vurdere å auke talet på studieplassar på dei femårige lærarutdanningane når vi får så mange søkjarar, seier Halvorsen i ein kommentar. (©NPK)