Unge demonstrerer mot «fossilregjering» – krev oljestopp
I kjølvatnet av SV sin sonderingsavskjed, møter unge opp framfor Stortinget for å vise oljemisnøye.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Sp og Ap avslører seg sjølv som endå ei fossilgrå regjering når dei nektar å rikke seg vekk frå oljeavhengnaden. Støre og Vedums største oppgåve er å gje oss ei leveleg framtid.
Det seier Lea Justine Nesheim, nestleiar i Natur og Ungdom, i ei pressemelding.
Natur og Ungdom og ei rekkje andre organisasjonar har mobilisert til demonstrasjon framfor Stortinget fredag klokka 12.
Klimaskuffelse
Etter at Sosialistisk Venstreparti trekte seg ut av sonderingane om regjeringssamarbeid, uttrykte fleire miljøorganisasjonar skuffelse. Bellona-leiar Fredric Hauge meinte Jonas Gahr Støre hadde gjort ei gedigen tabbe:
– Støre må ha trudd at SV var så regjeringskåte at dei ikkje meinte alvor med sine krav om endringar av olje- og klimapolitikken, sa han til VG.
I oljespørsmålet er Ap òg ueinig med sitt eige ungdomsparti. AUF krev nemleg ein stopp i nye leiteslisensar. Leiar Astrid Willa Hoem fortalde NRK torsdag at ungdomspartiet arbeider internt i partiet for å dra Ap i ei grønare retning.
– No forventar vi at Jonas tar klimaansvar og at dette blir ei klimaregjering, understreka ho overfor NRK.
Krev klimahandling
Dei unge som demonstrerer på Eidsvoll plass fredag har følgjande krav til Sp og Ap:
- Kutte 55 prosent av norske utslepp innan 2030
- Ingen nye leitelisensar for olje og gass
- Stoppe planlegginga av tredje rullebane på Gardermoen
- Stoppe gruveprosjekta i Repparfjorden og Førdefjorden
– Vi krev klimahandling, og det må Ap og Sp framleis ha med seg til forhandlingsbordet, sjølv om SV er ute, seier Nesheim i pressemeldinga.
- Visste du at kvinner og unge i større grad enn menn og eldre støttar klimatiltak? – Samtidig er kvinner og unge underrepresentert i formell politikk
Desse stiller seg bak demonstrasjonen:
- Fridays For Future Norge
- Rød Ungdom
- Spire
- Changemaker Norge
- XR ung
- KFUK-KFUM Global
- World Saving Hustle
- Noereh
- Sosialistisk Ungdom
- Grøn Ungdom
- Miljøagentene
- Greenpeace Norge
- Naturvernforbundet